Engelske Jodie Carey arbeider med utforsking av tid, minne og materialitet, fråvær og tap. Ho ser på korleis tida går og minna falmar. Arbeida hennar er farga av skjørhet og sårbarhet. Ho nyttar ofte materiale som er sterkt knyta til tema i arbeida. Mellom anna har ho laga store installasjonar ved hjelp av kopiar av menneskebein laga av gips. På Hå gamle prestegard skal ho på nye løa laga ein installasjon med oske og støv. I første etasje får me mellom anna sjå store «tepper» fletta saman av skjørt papir. I begge etasjane tek ho heile rommet i bruk, på denne måten får ein eit samspel mellom kunsten og arkitekturen.
Jodie Carey (fødd 1981) bur og arbeider i London. Ho er utdanna frå Goldsmiths College og Royal College of Art (MA 2007). Ho har delteke på gruppeutstilling med Hauser and Wurth og har hatt ei rekkje separatutstillingar. Carey er kjøpt inn av store kunstsamlingar og er no representert ved Gallery Saatchi i London.