Anne Helen Robberstad utforskar grenselandet mellom kunstvideo og dokumentasjonsgenren i kryssingsfeltet mellom kunst og samfunn. Det siste året har kunstnaren arbeida med tema kring jærbøndene. Robberstad ser på forholdet mellom menneske, fuglar og dyr i et landskap som angår oss alle. Matproduksjon er under stadig utvikling og diskusjonen om framtidig matmangel aktuell. Etterspørsel etter bustader og utbygging av matjord er óg ei problemstilling som stadig er oppe til debatt. Jæren har et rikt fugleliv der fleire fuglar kjem på rødlister over trua arter og krev at bønder må ta særskilte omsyn under arbeidet på utmark og kjelver. Kunstnaren spør mellom anna om ein kan drive eit moderne landbruk og samstundes ivareta natur og miljø i 2013. I samband med utstillinga inviterer Hå gamle prestegard og Anne Helen Robberstad til foredrag kring tema måndag 22. april og 15. mai.
Anne Helen Robberstad (1970) bur og arbeider i Stavanger. Ho er utdanna frå Kunstakademiet i Trondheim (2000) og Kunstskolen i Rogaland i Stavanger (1994). Robberstad arbeider i hovudsak med video, foto og lyd og tek ofte utgangspunkt i naturen. Ho har delteke på fleire utstillingar og filmfestivalar i inn - og utland. Anne Helen Robberstad har stilt ut ved IKM, Internasjonalt Kultursenter i Oslo, Henie Onstad Kunstsenter, Trøndelag Senter For Samtidskunst TSSK i Trondheim og Bilbao Arte Spania.
Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.