Utstilling: Inghild Karlsen

lørdag 22. juni 2013 kl. 14.00

Obrestad fyr 
22. juni - 22. september 2013

Inghild Karlsen
Blindsyn 
video / installasjon

«Det må være her døden, havet og kjærligheten bor»

Performance med Inghild Karlsen og Bo Bisgaard på opningsdagen.

Opplev fyret på ein ny måte med installasjonar i fyrbygningen og i bunkersane frå 2. verdskrig. Inghild Karlsen inviterer i sommar til oppdagelsesferd med lommelykt i dei mørke romma på Obrestad fyr. 

Karlsen kjem frå Nord-Norge der ein om vinteren må ha kunstig lys for å sjå. Dette nyttar ho som utgangspunkt for sine refleksinstallasjonar, eit materiale ho har arbeida med i over 30 år. Installasjonane i dei mørke kjellarromma blir ei magisk og individuell oppleving ved at berre ei hovudlykt om gongen kan nyttast.  I bunkersane syner kunstnaren videoarbeida «Bacardy og Cola» og «The trip». Inghild Karlsen er tekstilkunstnar, bilethoggar og scenograf. Ho er mellom anna utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1972–74 og Konsthögskolan i Stockholm 1981–82. Tilknytinga til Nord-Norge har vore tydeleg i dei fleste av arbeida hennar.  

Legg til hendinga i din kalender