Utstilling: Eva Gjerde

lørdag 26. oktober 2013 kl. 14.00
26. oktober - 1. desember 2013
 

Eva Gjerde
teikning

 

Opning ved Svein Høyland

Eva Gjerde har teikna tre teikningar til bokverket Hå kulturhistorie. Desse teikningane er stammen til utstillinga i hovudhuset på Hå gamle prestegard.

Gjerde har arbeida med historiske teikningar i fleire år og har mellom anna hatt oppdrag for Arkeologisk museum i Stavanger og teikna illustrasjonar til Tor Obrestad sitt historiske verk «Den lengste historia». I ein omtale av boka heiter det: «… teiknaren Eva Gjerde har på meisterleg vis gjenskapt scenene frå det tidlegaste livet i det som blei rygenes fylke…». I utstillinga på Hå gamle prestegard vil me få sjå eit utval av tidlegare illustrasjonar, i tillegg til dei heilt nye arbeida.

Her på Hå kjenner me henne godt som illustratøren av steinalderutstillinga SPOR i kjellaren på jærhuset.

Eva Gjerde er «Bacholor of Arts» frå England og har arbeida som lærar ved sida av ulike illustrasjonsoppdrag. I tillegg til arbeidet med Obrestad si bok, Arkeologisk museum og Hå gamle prestegard, har ho illustrert Aschehougs Nye Norgeshistorie bind 1-5 og Klepp bygdesoge, bind 1. Gjerde har tidlegare hatt utstilling i Bryne Kunstforening og Arkeologisk museum i Stavanger, samt delteke på ulike gruppeutstillingar.

Legg til hendinga i din kalender