Utstilling: Lars Kristian Gulbrandsen

lørdag 21. januar 2012 kl. 14.00

21. januar - 26. februar 2012

Lars Kristian Gulbrandsen 
Tatjana og Gud
måleri / grafikk 

Kunst er noe som kommer innenfra - fra sjelen – en gave fra Gud. Lars Kristian Gulbrandsen Lars Kristian Gulbrandsen (1931-2005) eller Tatjana som han kalla seg sjølv, vart sett på som ein original på Sørlandet og på heimstaden Hidra. Han kledde seg i kvinneklede og det var ikkje uvanleg å sjå han med måla andlet og kropp. I Gulbrandsen sitt kunstnarskap møter me ei samansmelting mellom kunst og liv.

Kunsten hans er fabulerande med ei koloristisk nerve og religiøse undertonar. Han utdanna seg på Statens Håndverks- og industriskole i åra 1949-1960 og seinare på Royal College of Art i London. Utstillinga på Hå gamle prestegard presenterer eit menneske med ei sterk gudstru som torde å foreine kontroversiell framferd og kunst med tradisjonell tru. Utstillinga syner utvalte bilete frå heile den aktive perioden hans og fokuserer òg på iscenesetting av seg sjølv og forholdet til religionen. Ein kan kanskje sei at han var før si tid,
både i forhold til toleranseomgrepet si skiftande tyding og dei elles skiftande kunsttrendane. Han måla dei siste verka på aldersheimen Sundeheimen i 2005.

Utstillinga er produsert av Bomuldsfabriken Kunsthall (kurator Harald Solberg) og vart vist der i 2010. Takk
til Flekkefjord kommune for velvillig utlån.

Legg til hendinga i din kalender