Utstilling: Hanne Lydia Opøien Kristoffersen

lørdag 21. januar 2012 kl. 14.00

21. januar - 26. februar 2012

Hanne Lydia Opøien Kristoffersen
Back to Nature 
teikning / video

Back to nature, the voyeur will realize / This is not a sight for his sore eyes / Back to nature,
getting back at you / I couldn`t act naturally if I wanted to

Magazine

Dette er første gong Hanne Lydia Opøien Kristoffersen syner arbeida i portrettserien Back to Nature. Utstillinga består av to ulike seriar med sjølvportrett, samt 3 videoarbeid. BACK TO NATURE syner ei kvinne, delvis skjult bak pelsverk, finlandshetter og solbriller. Kvinna opptrer med miner og posisjonar som refererer til eit samtidig fysiognomisk språk frå media. Element som pels/tekstil/landskap blir lagt lag på lag. Motiva er byggd opp frå negativt til positivt og uttrykket får difor eit nesten dunkelt preg gjennom det svarte papiret. Serien BELONGING består av sjølvportrett med relativt androgyne trekk, delvis skjult bak luer, skjerf, vottar og genserar. Plagga og naturreferansane i teikningane minner om den nordlige halvkula og ein kultur i stadig endring. I tillegg til teikning syner Kristoffersen tre videoverk. Verka er basert på eigne tekstar med svært ulik karakter og sentrerer rundt tema som òg teikningane tek opp. Fargen oransje er sentral i utstillinga og blir nytta som symbol for å påkalle merksemd mot sjølvskading. I BACK TO NATURE blir ein større romkonstruksjon måla oransje der videoen THE STORM blir vist. Kristoffersen har fått merksemd gjennom teikningar utført med fargeblyant på svart papir, ofte i store format. Ho arbeider innan tema som kjønn og identitet, primært frå et marginalisert punkt. Dei tildekka sjølvportretta har vore fokus gjennom fleire prosjekt. Element som undertøy, strikka plagg og anna tilbehør er brukt for å skjule deler eller heile andletet, slik at portretta dannar kart av kulturelle spor og referansar.

Hanne Lydia Opøien Kristoffersen er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim (KIT) og Konstfack i Stockholm. Ho fekk Håkon Bleken prisen i 2011, og har ei
rekkje utstillingar bak seg, sist BELONGING, Gråmølna, Trondheim Kunstmuseum, RED, .NO gallery, New York, og PORTRAITS OF A YOUNG WOMAN, Galleri
BOA, Oslo, alle i 2011. Ho er kjøpt inn av mellom anna Nasjonalmuseet for Kunst, Arkitektur og Design, Trondheim Kunstmuseum og Nordnorsk
Kunstmuseum.

Legg til hendinga i din kalender