Utstillinga Loss and Locality består av tre separate videoarbeid av Inger Lise Hansen, Heike Baranowsky og Farhad Kalantary.
Arbeida i utstillinga tek alle føre seg ulike idear for kva ein stad kan vera og inneheld alle ei form for tap eller eit brot.
Utstillinga er kuratert i samarbeid med Atopia: film- & videokunst
Another September, 2006 6 min
Farhad Kalantary
Filmen fortel om eit sterkt ønskje om å kome attende til eit spesifikt tidspunkt og ein spesifikk stad som berre kan eksistere i hukommelsen. Dette er ei ferd ”inn i hjarta av lys og vektlausheit”. Arbeidet gjer eit forsøk på å kartleggje sjølve tida, eller i det minste vera ein påminnar på korleis tid har blitt omordna.
Farhad Kalantary (født i Tabriz, Iran, 1962) studerte film og video kunst ved San Francisco State University (BA, 1992) og San Francisco Art Institute (MFA, 1996). Han arbeider som kunstnar og kurator og arbeida hans har vore vist i ei rekke internasjonale filmfestivalar, museum og galleri i USA og Europa. Kalantary er initiativtakar og leder av prosjektet “Atopia: film- & videokunst” (2003). Han bur og arbeider i Oslo.
Schwarm, 2005 10 min
Heike Baranowsky
Courtesy of Galerie Barbara Weiss
Videoen viser ein flokk med fuglar som flyg over horisonten medan dei skaper forbigåande spor av rørsle. Sjølve horisonten er ikkje synleg og me kjenner ikkje til staden dette skjer på. Fugleflokken peiker fram mot ein tidlaus rundgang av vandringar som aldri når ein ende eller konklusjon.
Heike Baranowsky (født i Augsburg, Tyskland, 1966) og er mellom anna utdanna frå Royal College of Art in London (MA, 1999), ho har hatt ei rekkje utstillingar bla. ved Galerie Barbara Weiss, Berlin, Serpentine Gallery, London, Museo Tamayo Arte Contemporáneo, Mexico City and MOMA, New York. Ho er for tida tilsett som professor i kunst i Nuernberg i Tyskland. Baranowsky bur og arbeider i Berlin.
Travelling Fields, 2009 9 min
Inger Lise Hansen
Me får eit opp-ned oversyn over aude stader som ligg heilt i enden av sivilisasjonen. Filmen granskar landskapet og forsøker å kartleggje desse gløymde stadene på ny. Travelling Fields er siste film i ein trilogi.
Inger Lise Hansen (født i Trondheim, 1963) og er mellom anna utdanna ved St:Martins College of Art and Design, London (1991) og San Francisco Art Institute (MFA 1996). Hansen har vist arbeida sine ved mellom anna Gasworks Gallery (London), Tate Modern (London), Pompidousenteret (Paris), og på festivalar som Rotterdam og Oberhausen. Hansen bur og arbeider i Oslo og London.