Sjå filmen EATEN FISH med Ali Dorani
https://vimeo.com/481976785h
På grunn av korona-situasjonen vert dette foredraget sendt som eit nettarrangement på Hå gamle prestegard si Facebook-side.
Fribyforfattar og teikneserieskapar Ali Dorani er ein prisvinnande iransk satireteiknar som er kjend under pseudonymet Eaten Fish. Han kom til Stavanger gjennom ICORN sitt program for forfattarar og kunstnarar etter å ha levd dei fire siste åra i flyktningleiren på Manus Island, Papua Ny-Guinea. Han begynte å dokumentere gjennom teikning kor vanskelege forhold asylsøkjarane har på Manus.
Teikningane til Ali Dorani har blitt publisert i The Guardian, Washington Post, ABC News, New Matilda og Law, Text, Culture. I 2016 fekk Dorani CRNI sin pris for redaksjonelt mot for teikningane sine som dokumenterte maktmisbruk og trakassering ved leiren på Manus Island.
Gjennom foredraget får me høyra om hans reise som flyktning og sjå arbeider han gjorde på ferda. Han trekk og linjene fram til i dag og fortel om korleis det er å vera kunstnar og «ny i Norge».
Foredraget er i samband med utstillinga
YOU'RE PROBABLY WONDERING WHY I'M HERE (NY I NORGE)
Kiyoshi Yamamoto, Araiz Mesanza, Izabela Żółcińska, Lucía Aragón,
Mike Ben hadj (MUGA), Ric Francis, Yachi Shian Yuan
tekstil / grafikk / maleri / installasjon
Gjennom fleire år i Norge (mellom anna som student ved KHiB) har Kiyoshi Yamamoto fått inntrykk av at situasjonen for mange kunstnarar i Norge er vanskeleg, men for kunstnarar med minoritetsbakgrunn er den ofte endå vanskelegare. Til utstillinga har han invitert med seg seks kunstnarar med utanlandsk bakgrunn. Yamamoto ønskjer å trengje gjennom eit system som har liten plass til desse kulturaktørane. Han seier at kunstnarane i utstillinga har meir til felles enn «bare lyst til å være i Norge». Dei har eit sterkt ønskje om å formidle kunsten deira og å vera med å bygge eit samfunn som tek kunsten og mangfaldet seriøst.
Foredraget EATEN FISH med Ali Dorani er på engelsk.
Arrangementet er støtta av Fritt Ord.