OPNING NYE UTSTILLINGAR

lørdag 20. mars 2021 kl. 14.00

Digital opning  

Zdenka Rusova
teikning / grafikk 

Mari Slaattelid
I SYLV EIT AUGA
maleri 

Laurdag 20. mars kl. 14.00 opnar to nye utstillingar på Hå gamle prestegard. 

Grunna smitteverntiltak vert opninga digital denne gongen. Sjå opninga nederst på sida.  

Utstillinga med Zdenka Rusova er ei separatutstilling som har kome i stand i samarbeid med kunstnaren. Verka i utstillinga er i hovudsak frå 70-, 80- og 90-talet med enkelte referansar bakover og framover i tid. 

Opninga er ved Caroline Ugelstad, sjefskurator ved Henie Onstad kunstsenter. Professor Gunnar Danbolt presenterar kunstnaren. 

I utstillinga I sylv eit auga viser Mari Slaattelid i hovudsak arbeid frå dei fire siste åra. Kunstnaren presenterer verk med få og nærskylde grunnmotiv, der variasjonane fyrst og fremst oppstår i dei ulike fargesamansetningane.

Opning ved Gunnar Danbolt, professor emeritus i europeisk kunsthistorie. Opplesing ved forfattar Øyvind Rimbereid. 

 

 

Legg til hendinga i din kalender