BEFRIENDING STONE: PERFORMANCE VED ANNE-MARTE EIDSETH RYGH

lørdag 21. august 2021 kl. 15.00

Performance med Anne-Marte Eidseth Rygh på Hå gamle prestegard. 

Utanfor Hå gamle prestegard ligg det ei flyttblokk, ein stein, som vart plassert her av isen for tusenvis av år sidan.

Ein mosekledd skikkelse går langs stien frå Obrestad fyr til Hå gamle prestegard og ender opp ved ein av desse flyttblokkene. Her blir det resitert utdrag frå samtalar med geologar som har studert landskapet.

Publikum er velkomne til å overvære hendinga. Dei som er med kan gjerne bidra til å utvikle innhaldet. Kan ein kome fram til metodar for å forme ei tiknytning eller eit potensielt venskap til steinen?

Stein og flyttblokker blir kanskje opplevd som statiske element i landskapet,  men har alle sin eigen dynamiske historie og oppbygging.

Anne-Marte Eidseth Rygh har på førehand gjort undersøkjingar saman med geologane Pål Thjømøe og Arne Linjorde. Kunstnaren nyttar Donna Haraways «Making Oddkin: Stortytelling for Earthly Survival” som bakteppe for performancen.
 

Møt opp i resepsjonen på Hå gamle prestegard 21. august kl. 15. Vanleg inngangsbillett gjeld.

 

Anne-Marte Eidseth Rygh (f. 1973) bur og arbeider i Stavanger. Ho har mellom anna bakgrunn frå Dartington College of Art, UK, Kunstakademiet i Turku, Finland og Fakultet for utøvende kunstfag, Stavanger. Ho har hatt utstillingar ved mellom anna Delfina Foundation, London, Stavanger Kunstmuseum, Nikolaj Kunsthall, København, Malba, Buenos Aires, Vlepo Gallery, New York, The National Review of Live Art, Glasgow, Kunsthalle Wien.

Legg til hendinga i din kalender