Å dukke ned i arkiv av ansikt
Anne-Karin Furunes har utarbeida ein eigenarta perforert teknikk. Som utgangspunkt nytter ho fotografi funnet i gamle arkiv. Fotografia blir nytta som skisser for svære måleri som seinare blir gjennomhulla med hol i ulike storleiker.
I utstillinga på Hå gamle prestegard vises 6 arbeider i stort format som alle er basert på portrettfoto. Furunes seier at ho har eit ”ønske om å øydelegge lerretet og samstundes laga eit nytt språk.”
Språket ho har funnet har ho nytta i 15 år og sjølv om teknikken er den same blir nye motiv nytta og nye historiar fortalt.
Arbeida i utstillinga er frå to seriar: ”Portrait of Pictures” og ”Mea Culpa”. Andleta i ”Portrait of Pictures” er henta frå eit rasehygenisk arkiv i Uppsala.
”Jeg har bakgrunn som arkitekt, så det var naturlig å ta i bruk rommet på den måten at bildet endrer seg i forhold til hvor man er i rommet. Det blir en
svimlende følelse av ikke helt å vite hvor bildet er”.
Anne-Karin Furunes bur og arbeider i Trondheim og er tilsett som professor ved Kunstakademiet, NTNU utanom å ha ein omfattande utstillingsverksemd. Ho er opprinneleg utdanna arkitekt, men valgte å gå over til kunst. Ho har mellom anna studert ved Statens kunstakademi og har hatt fleire utstillingar i galleri USA og Europa og delteke ved binnalar som Art Basel og Beijing Binnale. Furunes er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet og fleire samlingar.
Anne-Karin Furunes