Foto av performance / dans på videoinstallasjon av Tone Myskja

UTSTILLING: TONE MYSKJA

lørdag 1. juni 2024 kl. 14.00

1. juni – 1. september 2024

Tone Myskja


HAVET INNAFOR
video / lyd installasjon , performance / dans

Utstillinga HAVET INNAFOR syner to omfattande videoverk / lydinstallasjonar (lydverk ved musikar og komponist Jon Balke) som held seg i krysningsfeltet mellom biletkunst, scenekunst og musikk. Projiserte biletflater rører på seg i ein romleg rytmisk atmosfære som bryt med arkitekturen i den monumentale løa, samstundes med at arkitekturen speler ei rolle i opplevinga.  Tematisk knyt Myskja sine arbeid seg til kompleksiteten i samanheng med språk, persepsjon og identitet, og korleis desse let seg påverke av tida og rommet ein oppheld seg i.

 Danseperformance som del av utstillinga HAVET INNAFOR:  Koreograf - Ingri Fiksdal. Danserar - Thea Dolmen, Viljar Moe, Inez Castell og Therese Markhus

Tone Myskja (f.1961) er utdanna innan teaterdesign, skulptur og video/media ved kunstakademi i Oslo, Antwerpen og London. Ho har sidan 1993 hatt ei rekkje gruppe- og separatutstillingar hovudsakleg i Noreg og England (Lillehammer kunstmuseum, Oppland kunstsenter, Henie Onstad kunstsenter, Veneziabiennalen 2002) .  Sidan år 2000 har ho i tillegg arbeida med sceniske førestillingar, konsertar og danseforestillingar som har turnert i Europa og Amerika.   Myskja er innkjøpt av fleire offentlege samlingar (Lillehammer kunstmuseum, Nordiska akvarellmuseet, Norsk kulturråd og Nasjonalbiblioteket). 

https://www.tonemyskja.com/

Foto: Thomas Tveter

Legg til hendinga i din kalender