Beili Liu besøkte Hå gamle prestegard i 2010 i samband med utstilling på Nordisk Kunstplattform på Brusand. I romma til dette lille galleriet knyta Liu veggene saman med tråd og siv. Sjølv om installasjonen var enkel og tapetet utfordrande, laga kunstnaren ein vakker steds-spesifikk installasjon. Etter å ha besøkt Hå gamle prestegard hadde ho også fått ein ide for det store, mørke rommet på nye løa.
Kunstnaren som bur i USA, men som opphaveleg er frå Kina, hentar inspirasjon frå heimlandet. Recall er det tredje prosjektet i serien The House Phase Installation Series. Installasjonen skal lagast på staden i løpet av monteringsveka og er basert på foreldrenes sjølvbygde hus i Nord-Kina. Installasjonen består av ein husstruktur av tynne, handlaga voksdråpar. Husstrukturen er kompakt, men let lys frå ei enkel lyspære skinne gjennom og lagar på denne måten eit intrikat mønster av lys og skugge på vegger og tak i rommet der bygningen blir installert. Voksdråpane minner oss om noko som me kjenner igjen frå vår eigen heim, samstundes at det skjøre materialet gjer at me tenker på kva eit hus er og kor sårbart det kan vera enten me ser på det som eit vern mot noko eller som ein heim.
Beili Liu vert fødd i Jilin, Kina og bur og arbeider no i Austin, Texas. For tida er ho assisterande professor i kunst ved University of Texas i Austin (2011). Liu har ei rekkje utstillingar bak seg både i USA, Europa og Asia.