Kari Dyrdal
  • HGP - Utstilling

Utstilling: Kari Dyrdal

Dato

Lørdag 24. april 2010 - søndag 6. juni 2010

Tidspunkt

kl. 14.00 - 17.00

Stad

Hå gamle prestegard

24. april - 6. juni 2010

Kari Dyrdal 
Jacquard fortellinger
digital vev 

Det å laga og materialisera ein idé,  å sitera, låna, samt det å kombinera aspekt frå kunst- og tekstilhistoria, er kjernen i Kari Dyrdal sine arbeid.

I serien ”Jacquard fortellinger” trer både det faktiske og det illusjonistiske klart fram.

Arbeida tek mellom anna utgangspunkt i den gamle jacquardvevstolen og avslører  kunsthandverkaren si fasinasjon av det instrumentelle og det å lage – å skape. 

Jaquardveven legg til rette for moglegheiter for rikt mønstra flater, frå damaskdukane sine kvite organiske mønster - til meir komplekse brokadar. Signalet som blir gitt er hol - ikkje hol - ein direkte forløpar til datateknologiens "1" og "0". Datamaskinteknologien og dei store industrivevstolane er ei forlenging av denne mønsterveven som gir ein moglegheit til å realisere uttrykk tett opp til det fotografiske.

Dyrdal har utdanninga si frå Kunsthåndverksskolen i Bergen og er kjøpt inn av mellom anna Vestlandske Kunstindustrimuseum og Norsk Kulturråd.

Installasjonfoto frå utstillinga i nye fjoset - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto av utstillinga - Klikk for stort bilete
Gjester på opninga av utstillinga - Klikk for stort bilete
Eva Watne opnar utstillinga. Står framfor ein gul og svart vevnad. - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto frå utstillinga - Klikk for stort bilete
Nærfoto av eit av arbeida i utstillinga. Digitale mønster på raud bakgrunn. - Klikk for stort bilete
Nærbilete av arbeid frå utstillinga - Klikk for stort bilete
Nærbilete av arbeid i utstillinga - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Vevnad med abstrakt motiv. - Klikk for stort bilete