I nye fjoset syner Terje Uhrn måleriutstillinga På leting etter lyd. Uhrn arbeider innan eit abstrakt, geometrisk språk. Somme gonger er måleria strengt geometriske, andre gonger er dei runde og mjuke i formen. Inspirasjon til arbeida sine finn han ofte i musikk, noko som blir hentyda i titlar på fleire av hans seinare utstillingar.
Om denne inspirasjonen har Uhrn sagt:
”Musikk er en av mine viktigste inspirasjonskilder, og det er ofte musikk som setter i gang arbeidsprosessen med et nytt verk. Bildene mine er naturligvis ikke illustrasjoner til musikk, men de er påvirket av musikalske stemninger, og blir på sett og vis musikalske reiser”.
Terje Uhrn har hatt fleire utsmykkingsarbeid og står bak utsmykkinga av det nye Regjeringsbygget i Oslo (1994). Kunstnaren er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst. Utdanninga har han frå Statens Kunstakademi (1980 –1984) og Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1974-1979).