Utstilling: Norvald Hemre

lørdag 20. oktober 2012 kl. 14.00

20. oktober - 25. november 2012 

Norvald Hemre 
Spire 
keramikk 

I hovudhuset syner Norvald Hemre ei utstilling med ballongstøypte objekt i porselen. 

Verket består av fleire objekt sett saman til ein heilheit og har fått namnet Spire. Tittelen har kome til grunna prosessen og den organiske forma til objekta. Kvart objekt er støypt rundt ein ballong. Ballongen blir dyppa i flytande leire og blir så hengt opp for å tørke. På grunn av at leira krympar når ho tørker må heile tida ballongane tappast for luft for å unngå at dei sprekk. Den endelege forma vart skapt etter dei rørslene kunstnaren gjer i dyppeprosessen. Den endelege forma med sine organiske linjer kan gje assosiasjonar til livet, naturen og våren.  

Hemre er utdanna ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design og ved Kunsthøgskolen i Bergen. I år er han med på Kunsthåndtverk 2012 og har i tillegg fått Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Lange kvite vaser i porselen satt saman til ein installasjon. - Klikk for stort bilete
Lange kvite vaser i porselen. Nærfoto.  - Klikk for stort bilete
Lange kvite vaser i porselen. Nærfoto - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender