Kva oppgåver hadde fyrvaktaren? Kva kunne fyrvaktaren sei om veret? Kunne dei kommunisere med båtane som gjekk langs jærkysten utan telefon?
Bli med på omvising i utstillinga "Polararfarar og fyrvaktar".
Omvisningane startar kl. 13 og 14.
Mannskap frå Jæren kystlag er tilstades i fyret og fortel om maskinane og utstyret som vart nytta då fyret var i drift.
Du får snekre din eigen båt og lære korleis dei laga tau på reperbane. Sal av mat og drikke.
Velkomen til familiedag på Obrestad fyr!