Utstilling: Fredrik Raddum

lørdag 9. juni 2012 kl. 14.00

9. juni - 26. august 2012

Fredrik Raddum 
Projection Bias 
skulptur 

Hå gamle prestegard er glade for å kunne presenterer Fredrik Raddum på vår sommarutstilling. Kunstnaren vil fylle nye fjoset med skulpturar, samt at me får eit iaugefallande møte med Lump Head ute i gardsrommet.

Raddum arbeider primært med skulptur og installasjon og verka hans inneheld ofte dyr, menneske og element frå naturen. Materialvalet er ofte plast, syrefast stål og bronse. Dette gjer glatte og blanke overflater som kan minne om noko frå reklameindustrien, men som ved ein nærare studie avslører at det ligg eit alvor bak den glatte overflata.  Raddum nytter ei form og eit biletspråk som knyter seg til barndommens univers og som formidlar bodskapen gjennom leik. Humoren er eit viktig element og dei karikerte figurane har ofte eit politisk og samfunnsengasjert bodskap.

I utstillinga Projection Bias møter me fleire skulpturar som legg opp til fritt spelerom for fantasien. Velkjente symbol og referansar møtes i nye samanhengar og framkallar både smil og ettertanke.

Fredrik Raddum er fødd i 1973 og bur og arbeider i Oslo. Han studerte ved Kunsthøgskulen i Oslo og har sidan 1999 hatt ei rekkje utstillingar og utsmykkingsoppdrag. I 2011 fekk separatutstillinga Get Lost ved ARoS i Aarhus stor merksemd. Til denne utstillinga blei boka med same tittel utgitt – boka mottok gull frå Grafill Visuelt.

Utandørs skulptur med stort hovud utan ansiktstrekk.  - Klikk for stort bilete
Eksteriørfoto Hå gamle prestegard - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Mørk skummel figur under teppe.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Figur med papirpose over hovudet og øks bak ryggen.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Figur av hovud med rosa masse som kjem ut av augo.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Mann vendt mot vindauget med eit tre mellom føtene.  - Klikk for stort bilete
Installasjonsfoto. Mann vendt mot vindauget med eit tre mellom føtene.  - Klikk for stort bilete
Liten figur av supermann med alt for lang kappe som har surra seg rundt ein stolpe.  - Klikk for stort bilete
To store figurar med papirpose over hovudet.  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender