For somme kan kanskje Hå gamle prestegard vera plassert “ved verdas ende” – og kanskje særskilt om ein kjem direkte frå storbyen. Likevel spelar ikkje tittelen berre på den tilbaketrekte plasseringa av den gamle prestegarden, men òg på korleis menneske ofte blir trekte til avsidesliggande stader og korleis me historisk sett har blitt trekte til det ukjente og det me ikkje har så mykje kunnskap om.
I utstillinga møtes 8 kunstnarar, alle busett i Sverige. Kunstnarane arbeider med ulike uttrykksmåtar og teknikkar. I utstillinga vil humor og skråblikk bli blanda med alvor og samfunnskritikk. Likevel er det noko som bind dei saman – alle arbeider med relasjonen mellom individ/menneske i forhold til naturen og samfunn. Kunstnarane er sett saman av Andreas Soma som bur i Stockholm, men som har bakrunn frå Stavanger. Hans ønskje for utstillinga er mellom anna og skapa sterkare samarbeid mellom kunstscena i Stockholm og Rogaland. Utstillinga består av teikning, måleri, installasjon, skulptur, animasjon, performance og film.