Utstilling: Anne-Karin Furunes og Hanne Friis

lørdag 25. mars 2023 kl. 14.00

Anne-Karin Furunes og Hanne Friis 
Til fyret 
maleri / tekstil / installasjon 

25. mars - 29. mai 2023

TIL FYRET er Anne-Karin Furunes og Hanne Friis si andre duoutstilling. Tittelen er henta frå  Virginia Woolf sitt mest kjende verk To the Lighthouse frå 1926. På Hå gamle prestegard refererer tittelen til det konkrete; to kunstnarar som reiser til eit fyr for å lage ei utstilling.

Romanen To the Lighthouse har lite ytre handling og er skriven i ei form for “medvitsstraum” der tankar, førestillingar, assosiasjonar, inntrykk og kjensle strøymer gjennom medvitet til karakterane. Tematisk handlar romanen om det forgjengelege ved livet og tap av tid, der fyret symboliserer søken etter meining. I den siste delen av romanen er det kunsten; i dette tilfelle orda og måleriet, som står igjen som det evige og haldbare i motsats til den flyktige naturen.

Forhaldet mellom illusjon og røynd, persepsjon og førestilling er ikkje berre tema i romanen, men òg kjente problemstillingar i kunsten. Hanne Friis utforskar materiala i sine skulpturelle tekstilarbeid. På avstand kan skulpturane likne keramisk masse som gips, porselen eller terrakotta. Om ein kjem nærare vil ein sjå at formene er laga av simpelt plast og skai-materiale forma av tette handsydde folder.

Måleria til Anne-Karin Furunes rører ved tilstanden til naturen. Naturen endrar seg irreversibelt, og motiva hennar  varierer frå nærstudiar av planter til dramatisk forvitrande isfjell. Me menneske veit at det er på høg tid å gjere ei drastisk  endring i korleis me utnyttar naturressursane. Kunsten er med på å mobilisere: Me må vakne no!  Måleria er laga med ein perforeringsteknikk der motivet endrar seg og oppløysast etter som me flyttar på oss. Frå ein ståstad ser me motivet tydeleg, flyttar me på oss blir det utydeleg.

Hanne Friis (f. 1972) er utdanna innan måleri og skulptur ved Kunstakademiet i Trondheim (1992-96), men har sidan studietida utvikla seg i ein meir tekstil- og handtverksbasert retning. Friis både vidarefører og utfordrar  tekstile tradisjonar gjennom sine taktile, skulpturelle og romlege verk. Nyleg hadde ho ei stor mønstring i Vigelandsmuseet med separatutstillinga Sirkulasjon. Denne våren er ho i tillegg til utstillinga på Hå, aktuell med soloutstillinga Torrent på Gallerie Maria Wettergren i Paris. Friis står bak ein serie større private og offentlege utsmykkingar og er representert i fleire samlingar. Ho er innkjøpt av mellom andre KODE, Nasjonalmuseet, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Nordnorsk Kunstmuseum, Sørlandets Kunstmuseum, Haugar Kunstmuseum og Stortinget.

Anne-Karin Furunes (f. 1961) bur og arbeider i Stjørdal. Ho er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo (86-88/91-92), Det kongelige danske kunstakademi i København (1983-84), Kunstakademiet i Trondheim (1993-94), og er i tillegg arkitekt med utdanning frå Arkitekthøgskolen i Oslo og The Architectural Association i London (1988), NTNU (1989). Furunes har lang erfaring innan utstillingsverksemd nasjonalt og internasjonalt. Kommande haust er ho aktuell med separatutstilling ved Ryan Lee Gallery i New York. Ho er innkjøpt mellom anna av  Nasjonalmuseet, Trondheim Kunstmuseum, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Nordnorsk Kunstmuseum, Norsk Kulturråd, KIASMA Finland, Museet Palazzo Fortuny, Venezia og MAD Museum, New York. Ho har laga ei rekke offentlege verk nasjonalt og internasjonalt; til dømes Nye Nasjonalteateret Stasjon Oslo, Deutsche Bank/Foster Building, Sydney, Umedalen skulpturpark, Sverige, Borås Skulpturpark, Helsinki University, Finland. Ho vann skulpturprosjektet, Kvinner på sokkel-portrett av Ambrosia Tønnesen som vil stå klart hausten 2024, i Bergen sentrum.

Kunstnar Hanne Friis og kunstnar Anne-Karin Furunes med utstillinga TIL FYRET.  Installasjon, maleri, skulptur - Klikk for stort bilete

Kunstnar Anne-Karin Furunes og kunstnar Hanne Friis. Utstillinga TIL FYRET. installasjon, maleri og skulptur - Klikk for stort bilete
Kunstnar Hanne Friis og kunstnar Anne-Karin Furunes med utstillinga TIL FYRET.  Installasjon, maleri, skulptur - Klikk for stort bilete
Kunstnar Hanne Friis og kunstnar Anne-Karin Furunes med utstillinga TIL FYRET.  Installasjon, maleri, skulptur - Klikk for stort bilete
Kunstnar Hanne Friis og kunstnar Anne-Karin Furunes med utstillinga TIL FYRET.  Installasjon, maleri, skulptur - Klikk for stort bilete
Kunstnar Hanne Friis og kunstnar Anne-Karin Furunes med utstillinga TIL FYRET.  Installasjon, maleri, skulptur - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender