Akrylmåleri i oransjefargar av Thomas Phil

UTSTILLING: THOMAS PIHL

lørdag 1. juni 2024 kl. 14.00

 1. juni – 1. september 2024

Thomas Pihl

ARBEIDER
måleri 

 

 

I utstillinga ARBEIDER  syner Thomas Phil måleri som illustrerer møtet mellom pigment, akryl og naturleg lys. Pihl legg fleire lag med akrylmåling over kvarandre, noko som gjev ein særskilt optisk effekt og utprega lysspel. På grunn av den spesielle teknikken kan ein sjå skuggar, eller minne, frå alle laga sjølv om målingslaga saman har skapt ein ny farge. Pihl er oppteken av korleis fargar og lys tiltrekk seg merksemda vår og korleis det visuelle påverkar oss som betraktar. Pihl har laga ein heilt ny serie med måleri til utstillinga på Hå gamle prestegard.

Thomas Pihl (f.1964) er utdanna frå Statens håndverks – og kunstindustriskole i Oslo, School of Visual Arts i New York og Hunter College, University of New York (MFA). Pihl arbeider med teikning, måleri og skulptur. Han har hatt fleire separatutstillingar nasjonalt og internasjonalt (KODE, Bergen, Chabot Fine Art, Nederland, Akerhus kunstsenter, Lillestrøm, Sikkema Jenkins & Co, New York), er innkjøpt av offentlege og private samlingar (Nasjonalmuseet, Norsk kulturråd, Utanriksdepartementet) , samt mottatt ei rekke prisar og utmerkingar.

https://www.thomaspihl.net/

Kritikk i Stavanger Aftenblad  - les her: Blikket renses i fargen

 

 

Legg til hendinga i din kalender