Skulptur John Audun Hauge. Båtform.

Utstilling: John Audun Hauge

lørdag 9. september 2023 kl. 14.00

9. september - 5. november 2023

John Audun Hauge
Det vi ikke vet 
skulptur / installasjon

Hå gamle prestegard har gleda av å presentere separatutstilling med John Audun Hauge i stallen og gamle fjoset.                       

Utstillinga Det vi ikke vet har eit maritimt tema med båtar, båtformer og sjørelaterte element. Alt ser ut som at det er henta frå den verkelege verda, men om ein granskar dei nærare ser ein at dei har heilt eigne og uforståelege funksjonar. Denne finurlege dobbeltheita, saman med det lette uttrykket av å vere svevande, gjev særpreget til utstillinga. Mange av båtane/båtformene ber ballast i form av runde forseggjorte steinar, og det er òg somme større steinar som fungerer som ballast for sjølve utstillinga.

Tittelen Det vi ikke vet syner til det me ikkje ser, det som er under sjø eller vatn. Me ser berre båtane, somme gonger er det vanskeleg å sjå kva dei gjer. Me ser tau som går djupt ned i vatnet, men kva finst der? Når me samstundes veit at det framleis er mykje uoppdaga i havet, vekkjast fantasien til liv.  
Somme av båtane i utstillinga har detaljar som ligg nær inntil røynda, men dei lever sine eigne liv. Kunstnaren hentar referansar frå eit langt maritimt liv i produksjonsprosessen, og han blandar dette med ei kreativ verd der ikkje alt er logisk.

John Audun Hauge bur og arbeider i Bergen. Han er mellom anna utdanna ved Vestlandets Kunstakademi, på skulpturavdelinga under Bård Breivik. I 1978 debuterte han på Galleri 1 og har sidan delteke på ei rekkje utstillingar i inn og utland. Han har òg hatt ei rekke separatutstillingar, m.a. som festivalutstillar under Filmfestivalen i Haugesund i 1996. Hauge har hatt over 30 utsmykkingsoppdrag over heile landet. Utsmykkingane utanfor Regjeringskvartalet, og Tsunamiminnestaden på Huk er blant dei største. Seinast fullførde han utsmykking av tilkomstbygget til Nytt Øsfoldsykehus. Han arbeidar i stort sett alle materialar, og mange uttrykksformer.

Jorunn Brækhus har skrive ein fin tekst om kunstnarskapet til John Audun Hauge og tema i utstillinga. Teksten finn du her.  (PDF, 203 kB)

 

 

Legg til hendinga i din kalender