I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om - føremiddagsarrangement. Dette føremiddagsarrangementet vil avholdast i fyrvaktarbustaden frå 1902, som ligg oppe ved Obrestad fyr.
Utgangspunktet for „Kvifor bry seg om“ -arrangementet i mai er opninga av fyrmuseet til sommaren. Fyrmuseet ligg i fyrbygningen som var i drift frå 1873 og fram til 1991. Jærkysten er eit av dei mest krevjande kyststrekka i Norge, og det å ha kontroll på kysten har til alle tider vore viktig, i både krigstid og fredstid.
Elisabeth Søyland vil fortelje om korleis Obrestad fyr har utvikla seg frå bygging og fram til i dag. Søyland er utdanna kunsthistorikar, og var i 12 år formidlar og arrangementsansvarleg på Hå gamle prestegard.
Etter foredraget er det mogleg å vitja og utforska fyret, og den som vil kan bli med Jæren kystlag på ein demo i “vern av drift” av den gamle motoren i maskinrommet. Ein kan sjå den flotte fyrlykta og andre minner frå tida då fyret var i bruk.
FOREDRAG I 1902-HUSET 13.00-13.45
BESØKA OBRESTAD FYR 14.00-15.00
Billett kr. 100,-
Grunna begrensa plass er det krav om påmelding. Maks plasser: 40
Påmelding sendes til post.hgp@ha.kommune.no Merk epost: "Kvifor bry seg om / eit gammalt fyr"