Onsdagsforedrag: Kunsten å forstå seg sjølv gjennom kunsten

onsdag 7. juni 2017 kl. 19.00

 

Onsdagsforedrag med kunstnar
Arvid Pettersen

Bli med på ei "småfilosofisk" vandring gjennom kunsthistoria og sjå korleis den gjenspeilar seg i samtidskunsten. Pettersen visar korleis biletkunstnaren brukar blikket, og fortel om persepsjon og komposisjonelle fenomen i kunsten. Han vil gå nærare inn på nokre av sine eigne verk i utstillinga 16,67x3 som opnar på Hå gamle prestegard den 3. juni.

Kafeen er open før foredraget med sal av ostetallerken og anna godt. Alle 3 utstillingane er opne før foredraget.

Arvid Pettersen er ein av dei mest markante malarane i sin generasjon. Han har også spelt ei viktig rolle som kunstpedagog. Pettersen debuterte som grafikar på Vestlandsutstillingen 1967 og slapp også til på Høstutstillingen samme år. Det er difor 50 år som kunstnar som blir markert på utstillinga på Hå gamle prestegard.

Kr. 100. Påmelding på post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.

Legg til hendinga i din kalender