Jubileumstallerken av Kiyoshi Yamamoto

Heilaften med kunst og kvelds på Hå gamle prestegard

fredag 25. august 2023 kl. 18.00

Velkommen til ei jordnær heilaften med kunst og kvelds fredag 25. august på Hå gamle prestegard.

I dette arrangementet skal det blant anna handla om tankar og uttrykksformer innan kunsten og heilt konkret om jordskokk på menyen. Me startar med omvising i utstillingane OMSORG gruppeutstilling, MOON WAVE MOON BURN av Jessica Warboys og DREAMS OF THE HIGH NORTH av Beili Liu. Omvisinga blir leia av kunsthistorikar Anne Therese Tveita som vil bidra med inngangar til utstillingane og til kunstfaget generelt.

Etter omvisinga serverer me mat beståande av vekstar frå prestehagen og andre heimelaga spesialitetar. Det blir og ost og brød frå lokale produsentar. Maten blir servert i kaféen i hovudhuset.

Det vil bli servert hylleblomsaft frå hagen til maten, men vil òg vere mogleg å kjøpa vin og øl.

Sjå fram til ei jordnær heilaften med kunst og kvelds på Hå gamle prestegard.

Anne Therese Tveita jobbar som frilans kunstkritikar, skribent og føredragshalder. Ho har fleire år med erfaring som formidlar frå Stavanger kunstmuseum og har vært fast kunstanmeldar for Stavanger Aftenblad sidan 2016. Hennar tekstar er og publisert sjå blant anna CAS - Contemporary Art Stavanger, Universitet i Stavanger og magasinet Numer utgitt av Norsk Tegnerforbund. Tveita er utdanna ved Universitetet i Stavanger og Det Norske Institutt i Roma.

 

Pris for å delta: 490 kr
(inkluderer inngangsbillett i utstillingane, omvising og meny)

PÅMELDING SENDES INNAN 18. AUGUST TIL:
post.hgp@ha.kommune.no (merk epost med: "kunst og kvelds 25. august")

NB. KUN FORHÅNDSPÅMELDING - grunna få plassar. 

Meny:
Jordskokksuppa med bacondryss. Serveres med brød, smør og hylleblomsaft.
Kjeks, Hå gamle prestegard sine heimelaga lappar og lokalprodusert ost. Serveres med kaffi/te

Legg til hendinga i din kalender