Todelt bilete med motiv frå kunstnarane Gunnhild Torgersen og Robin Danielsson

UTSTILLINGSOPNING: GUNNHILD TORGERSEN OG ROBIN DANIELSSON

lørdag 27. januar 2024 kl. 14.00

Velkomen til årets første utstillingsopning!

GUNNHILD TORGERSEN
Botnar
skulptur
Opning ved geolog Siri Gloppen

ROBIN DANIELSSON
Eit anna landskap / Another Landscape
teikning / skulptur / måleri
Opning ved forfattar Anna Kleiva

Fri entre på opningsdagen.
Kunstbutikk, kafe og utstillingar har ope kl. 12-17.

Dei to utstillingane har vidt forskjellige uttrykk, men reflekterer på kvar si måte over indre og ytre landskap i møte med tidens tann.

Gunnhild Torgersen syner utstillinga BOTNAR i nye løa på Hå gamle prestegard. Til utstillinga har ho nytta materiale som leire, sand og stein samla frå ulike geografiske område med havbotnen som fellesnemnar. Arbeida ber med seg ei fysisk erfaring av sjølve landskapet, tida og rommet som materiale ho nyttar har blitt til i.

I utstillinga syner Torgersen mellom anna skulpturane «Bunnbærere» (2021), saman med ein serie nyproduserte lysskulpturar. Verka balanserer mellom det kroppsnære og det framandgjerande, det organiske og det mekaniske. Med utsyn utover Nordsjøen resonnerer verka med omgjevnadane kring prestegarden, der dei steinete strendene med spor frå eldre tider går over i eit hav tilsynelatande uten ende.

Robin Danielsson arbeider med teikning, skulptur og måleri. I utstillinga EIT ANNA LANDSKAP / ANOTHER LANDSKAPE hentar han inspirasjon frå mellom anna kunsthistorie, mytologi og populærkultur og nyttar ofte det forgjengelege ved menneske og naturen som tema. Til utstillinga vil Danielsson produsere ei serie monumentale målerier på tekstil, ei gruppe keramiske skulpturar i tillegg til innramma teikningar på papir som sammen vil danne ein større stedspesifik installasjon. Desse dannar som heilskap ein større stadspesifikk installasjon. Arbeida vil blant anna henge frå taket som romavdelere hvorpå skulpturene plasseres i forskjellige grupperinger. Tittelen, Another Landscape/ Et Annet Landskap åpner opp for ulike lesninger. Det kan være eit indre, abstrakt, landskap som skildrer et grenseland, der fiksjon og røyndom oppløses. Eller eit ytre landskap som f eks utstillingas visuelle landskap i møte med- eller som ein kontrast til- den mektige naturen utenfor kunsthallen.

Legg til hendinga i din kalender