Bilete frå Fuglevaktaren performance av Karin August Nogva

FINISSAGE: FUGLEVOKTAR - VERKSTAD FOR BORN

søndag 3. mars 2024 kl. 13.00

Søndag 3. mars er siste dag med Karin Augusta Nogva si utstilling FUGLEPORTRETT. Dette markerer vi med performance, maskeverkstad og fugleparade med kunstnaren.

PERFORMANCE. (Ca. 20 min)

Først får du bli kjend med Fuglevoktaren.

Fuglevoktaren er ein skikkelse i knallrød dress, med spiss hatt og nebb, som beveger seg rundt på prestegarden. 

Fuglevoktaren er lett synlig, for den knallraude fargen stikk seg ut mot det grøne landskapet og det blå havet. Men kanskje du kan finna igjen den raude fargen i kunsten og i bygningane på Hå? 

 

MASKEVERKSTED (Ca. 40 min)

Etterpå lagar vi fuglemasker. 

Her er det berre fantasien som set grenser.  Du kan laga flotte fuglemaskar i alle tenkjelege fargar og formar. 

Vi har fleire ulike typar materiale for at maskene skal bli ekstra flotte.   

 

FUGLEPARADE

Til slutt kan alle, både born og vaksne, bli med på ein fugleparade rundt omkring på prestegarden. 

No får du vist fram den flotte maska du har laga.  Alle, både born og vaksne, kan låne vester for å kle seg ut som raude fuglar. 

 

Arrangementet er gratis for born. Vaksne betaler vanleg inngangsbillett til prestegarden.

 

Foto: Aleksander Ramlsand © Munchmuseet

Legg til hendinga i din kalender