foto, video, installasjon, lyd
«To måneder før termin våker jeg over min mormor i hennes siste døgn mens barnet i magen min sparker. Mens et aldrende menneske trekker sine siste åndedrag ligger et lite barn i magen og trekker fostervann inn og ut av lungene sine for å gjøre dem klar til å puste. Et liv er i ferd med å gå mot slutten, mens et annet snart skal begynne».
I nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Signe Christine Urdal utstillinga PUST. Utstillinga viser fotografi, installasjon, videoverk, lyd, samt at det er laga ein eigen publikasjon til utstillinga. Dette er ei vidareutvikling av kunstprosjektet «Å vende hjem» (2017), der kunstnaren utforskar temaa identitet, tilhøyre og forholda mellom liv og død.
Motivasjonen bak kunstprosjektet er å utforska dei utfordringane eit menneske kan stå ovanfor i ulike livssituasjonar, samt reflektera og bevisstgjere seg kring eit sårbart tema på eit individuelt og mellommenneskeleg nivå.
Kunstnaren ynskjer at lyset og omgjevnadane utanfor skal vere ein del av utstillinga. For Signe Christine Urdal fungerer naturen som ein metafor på eit indre (mentalt og emosjonelt) landskap. Urdal bruker fotografiet til å danne ei bru mellom det ytre og indre nærvære i verden. I videoarbeida tek kunstnaren utgangspunkt i stillbilete. Urdal vel motiv, sett kamera på stativ og trykker på opptaksknappen. Så står kameraet stille fram til opptaket vert avslutta. Det blir som eit bilete av eit tidsforløp, eit foto i rørsle.
Fotoserien PLACENTA # 01 – 06 (morkake) og installasjonen PUST i djupe rødtonar representerer babyens fyrste pust. Den djupe røde fargen viser til kraft, liv, fødsel, blod, kvinnelighet og reproduksjon. Fotografiet FOLIUM # 01 (lønneblad) viser til menneskets forfall. På same måte som naturens forvitring, gjennomgår menneskekroppen ein liknande endring gjennom livet frå fødsel til alderdom. Fotografia er ein metafor for den menneskelege veksten og forfallet.
Videoverket PULS symboliserer livets reise gjennom bevegelege bilete av lønneblad i vinden. Vår identitet kan påverkast av ytre omstende som utfordrar oss, men gjev oss samstundes vekst.
Lydverket i utstillinga er laga i tett samarbeid med komponist og musikar Arne Hiorth, som har fått støtte til arbeidet frå Det Norske Komponistfond. Hiorth har i mange år nytta lyden av pust som del av sitt lydbilete - som òg er ein naturleg del av å skapa lyd på hans hovedinstrument trompet. Verket representerer det totale lydbilete av pusten vår gjennom ulike stadier i livet frå det første pust i mors liv og etter fødselen, til siste utanding før det blir heilt stille. Lyden av hjerteslag, pust og blodårer er blanda med andre organiske lydar frå trompet, hav og vind.
SIGNE CHRISTINE URDAL er biletkunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole etter ein bachelorgrad i sosialantropologi og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo, og starta sin karriere som assistent for Dag Alveng.
Urdal arbeider prosjektbasert med fotografi, video og installasjon som eit medium til å utforske mellommenneskelege tilstander knytt til identitet. Med bakgrunn frå sosialantropologi er hennar kunstnariske motivasjon eit personleg engasjement, politisk og sosialt.
Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen og har sidan stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Arbeida hennar har mellom anna vært utstilt hjå Fotogalleriet, Bryne kunstforening, Spriten kunsthall, Preus Museum, Rogaland kunstsenter, Galleri Sølvberget, Tou ølhallene, Skur 2, Førde kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Haugesund Billedgalleri, Stavanger kunstforening, Galleri Giga, Terminal 08 Gallery i Polen og Nablus kulturfestival i Palestina.
Gjennom fleire år har Urdal hatt verv innan fagpolitisk - og kuratorisk arbeid, mellom anna som styreleiar i Tou Atelierhus, Norsk Fotografisk Fond (Nofofo), samt kurator for Bruksrommet i Tou Atelierhus og som kunstkonsulent for kunst i offentlege rom.
Urdal fekk arbeidstipend frå NBK (2018) og Stavanger kommunes kulturstipend (2020) og arbeidsstipend (2021). I tillegg til separatutstilling på Hå gamle prestegard høsten 2024, viser ho utstillinga Akkurat nå i Sandnes kunstforening med kunstnergruppen FEM, samt gruppeutstilling på Rogaland kunstsenter og Forbundet Frie Fotografers (FFF) salongutstilling ved Fotogalleriet.