UTSTILLING: SIGNE CHRISTINE URDAL

lørdag 14. september 2024 kl. 14.00

14. september - 3. november 2024

Signe Christine Urdal

PUST

Fotografi / video / installasjon / lyd

I nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Signe Christine Urdal utstillinga PUST.  Utstillinga viser fotografi, installasjon, videoverk, lyd, samt ein publikasjon. Dette er ei vidareutvikling av kunstprosjektet «Å vende hjem» (2017), der kunstnaren utforskar temaa identitet, tilhøyre og forholda mellom liv og død. 

Motivasjonen bak kunstprosjektet er å utforska dei utfordringane eit menneske kan stå ovanfor i ulike livssituasjonar, samt reflektere og bevisstgjere seg kring eit sårbart tema på eit individuelt og mellommenneskeleg nivå. 

Kunstnaren ønskjer at lyset og omgivnadane utanfor skal vere ein del av utstillinga. For Signe Christine Urdal fungerer naturen som ein metafor på eit indre (mentalt og emosjonelt) landskap. Urdal bruker fotografiet til å danne ei bru mellom den ytre og indre tilstedeværelsen i verda. I videoarbeida tek kunstnaren utgangspunkt i stillbildet. Urdal velger motiv, sett kamera på stativ og trykker på opptaksknappen. Så står kameraet stille fram til opptaket avsluttes. Det blir som eit bilete av eit tidsforløp, eit foto i bevegelse.

Lydverket i utstillinga er laga i tett samarbeid med komponist og musikar Arne Hiorth, som har fått støtte til arbeidet frå Det Norske Komponistfond. Hiorth har i mange år brukt lyden av  pust som ein del av sitt lydbilete - som også er ein naturleg del av å skapa lyd på hans hovedinstrument trompet. Meir info om Hiorth på hans heimeside https://www.arnehiorth.com 

 

SIGNE CHRISTINE URDAL  er biletkunstner frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole etter ein bachelorgrad i sosialantropologi og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo, og starta sin karriere som assistent for Dag Alveng.

Urdal arbeider prosjektbasert med fotografi, video og installasjon som eit medium til å utforske mellommenneskelege tilstander knytt til identitet. Med bakgrunn frå sosialantropologi er hennar kunstnariske motivasjon eit personleg engasjement, politisk og sosialt.

Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen og har sidan stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Arbeida hennar har mellom anna blitt vist hjå Bryne kunstforening, Spriten kunsthall, Preus Museum, Rogaland kunstsenter, Galleri Sølvberget, Tou ølhallene, Skur 2, Førde kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Haugesund Billedgalleri, Stavanger kunstforening, Galleri Giga, Terminal 08 Gallery i Polen og Nablus kulturfestival i Palestina.

Gjennom fleire år har Urdal hatt verv innan fagpolitisk - og kuratorisk arbeid, mellom anna som styreleiar i Tou Atelierhus, Norsk Fotografisk Fond (Nofofo), samt kurator for Bruksrommet i Tou Atelierhus og som kunstkonsulent for kunst i offentlege rom.  I tillegg til separatutstillinga på Hå gamle prestegard,  deltar ho i ei gruppeutstilling i Sandnes kunstforening med kunstnargruppa FEM.

 Signe Christine Urdal - Visual artist | (scurdal.com)

Legg til hendinga i din kalender