tekstil, installasjon
Då Line Solberg Dolmen besøkte Hå gamle prestegard for første gong, vart ho trekt mot strendene og det voldsame havet. Ein metode ho ofte brukar i kunstnarskapet sitt, er å samle objekt som ho tek med til atelieret og brukar som utgangspunkt i arbeidene. I tillegg til tau, siv, stein og sjøgras fann ho ein bit av eit muslingskall.
Steinalderutstillinga SPOR i kjellaren på Hå gamle prestegard inspirerte kunstnaren, og sterkast inntrykk gjorde Viste-guten. Steinalderguten som berre vart 14 år. Kunstnaren funderte over denne guten - Bein brytast ned og forvitrar i den sure jorda, men skjelettet til guten er konservert i kalkhaldig materiale, i form av mengder tomme muslingskall. Vart han gravlagd åleine, under “kjøkkengolvet” til familien sin? Ingen andre er funne i nærleiken, kvar vart dei andre av? Kunstnaren hadde sjølv reist frå den sju månader gamle babyen sin den dagen, og kjente sterkt på adskiljinga.
I utstillinga i Nye Løa heng ein skulptur frå taket, eit stort mjukt skjell. Skulpturen er laga av kvit og naturfarga silke og fylt med brukte dyner. Objektet, som er stort nok til å romme eit vaksent menneske, ragar og skin i den mørke og værbitne låvebygninga. Som eit trygt rom å søke tilflukt i. Verket refererer mellom anna til Gaston Bachelards betraktningar om rommets poetikk, og tilværet i skjellet som noko heilt opphaveleg. Kunstnaren har ein liten åkerparsell heime, og har lagt silkestoffet til skulpturen i komposten, samt over marka. Tekstilet blei patinert gjennom våren og sommaren, gjennomtrekt med brune og grøne flekkvise nyansar. I tillegg til denne “passive” fargemetoden har ho samla brennesle, rabarbra og solbærblad som ho har bearbeida silken med.
Solberg Dolmen er interessert i østersen som eit historisk objekt; ein viktig matkilde i tusenvis av år, ein eksklusiv delikatesse, produsent av perler og rik mytologi. Håelva som renn ut i havet ved Hå gamle prestegard har vore ein kjend kjelde til perler gjennom århundra. Samstundes som stillehavsøstersen no overtar kysten vår, utkonkurrerer andre artar og er dermed ein fare for biomangfaldet. Selve skjellet blir betrakta hos oss som avfall, og blir øydelagt. Skjell har vore brukt til mange føremål, mellom anna ved å utvinne kalk gjennom brenning. Blanda med sand og vatn vil dei danne ein form for sement (stucco), brukt til bygging i fleire kulturar. I utstillinga fins ein installasjon av søyler laga av stillehavsøsters plukka i Oslofjorden, som er knust, brent og blanda med sand frå Håelva. Skulpturene gir ei hard ekvivalent til dei tekstile formene, ein referanse til sjølve perla inne i skjellet.
«Kor mykje av meg blir ståande att gjennom det eg lagar, enten det er objekt eller born? Er det stillehavsøstersen som kjem til å overleve oss alle, men bevare beina våre slik at våre historier også i framtida kan avlesast av nokon? Eg finn lindring i det sykliske, at alt har ein vinter, vår, sommar og haust, før ein ny vinter. Visnar og vaknar. Skjell og bein og skjell og bein, det er det som utgjer tida.»
LINE SOLBERG DOLMEN (f. 1982) er utdanna med MA frå Kunsthøgskolen i Oslo (2016) og BA frå Kunstakademiet i Tromsø (2010). I tillegg har ho fagbrev som kjole- og draktsyer. Ho arbeider primært med større tekstile installasjonar. Materiala ho bruker har ofte hatt ein bruksnytte før dei blir integrert i arbeidene hennar; utslitne laken, masseproduserte handlenett, stillasdekke og veiduk. I løpet av dei siste åra har kunstnaren vist arbeid blant anna på Trøndelagsutstillingen, Østlandsutstillingen, SOFT galleri, Kunsthall Stavanger, Kunstnerforbundet, Akershus Kunstsenter, Høstutstillingen og Nordens Hus i Tórshavn, Færøyane. Utstillinga på Hå gamle prestegard er støtta av Billedkunstnernes Vederlagsfond og Kulturrådet.