Installasjonsfoto med verk av  Marit Ånestad

UTSTILLING: MARIT AANESTAD

lørdag 16. november 2024 kl. 14.00

16. november 2024 - 12. januar 2025

Marit Aanestad

MU MA

måleri, skulptur

 

I utstillinga MU MA som presenterast i Stallen og Gamla fjoset, syner kunstnar Marit Aanestad nye skulpturar av bronse. Dette er ei utvikling av kunstnarskapet med bruk av nye materialer og format. Samtidig vender Aanestad tilbake til tidlegare motiv der ho bruker rutenett som utgangspunkt, både i utarbeiding av sjølve kunstverka, men og som ei utforsking av rommet. Store arbeid med fargerike rutenett måla på lerret opptrer som kontrast til skulpturane. Det er ein tydeleg minimalistisk stil. Fargane blir lagt stramt, men handa og penselens avtrykk gir arbeida liv. I papirarbeida kan man sjå element av kaligrafi. Det er romlegheita og utstrekkinga, tomrom og mellomrom som er fokus i komposisjonane og i rommet. 

Som eit visuelt og konseptuelt spel med struktur og tilfeldigheit opnar Anestad opp for ei romleg og fysisk oppleving. Rutenettet fungerer både som verktøy og utfordring, som og reflekteres i tittelen. «MU» viser til tomrom, «MA» til mellomrom. 

Skulpturane i bronse er utvikla frå skulpturskisser i papir. Utgangspunktet er ei flate, ofte ei geometrisk form som til dømes eit dobbelt kvadrat, som blir vridd og bøygd. Ho utforskar grensene for materialet, linjene og mellomromma som oppstår. Desse papirskissene blir deretter utvikla vidare i tynne voksplater som støypast i bronse, i «lost-wax technique". Med denne teknikken kan ein ikkje laga duplikatar. Bronseskulpturane kallar ho for MODELLER. Dei er ein form for arkitektur; rom å gå inn i, landskap, rørsle og linjer.  

Rutemåleria på lerret er måla i klare fargar,- tynne lag som er lagt over kvarandre og skapar nye fargar og komposisjonar. Måleria kallar ho KABALAR. Dei representer ei utforsking, samstundes som dei er eit mentalt pauserom og eit meditativt rom  

MARIT AANESTAD (f.1949) er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi, Bergen, og FHH, Hannover. Ho utforskar både det strukturelle og det tilfeldige, og skaper verk som er både fysiske objekt og romlege konstruksjonar. Ho har hatt ei rekke separat og gruppeutstillingar nasjonalt og internasjonalt, mellom anna ved Rogaland Kunstmuseum, Hå gamle prestegard, Galleri III i Oslo, Galleri Sølvberget, Buskerud kunstsenter, Lillehammer kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum, Bergen kunstmuseum, Barcelona, Isle of Man, og gjentatte gonger på Høstutstillinga. Ho er innkjøpt av mellom anna Stavanger kunstmuseum, Haugesund Kunstmuseum, Statoil Art Program, og Stavanger kommune. Aanestad arbeider mykje med kunst i offentlege rom, mellom anna med kunstprosjekt til Bryne Vgs. og er vinnar av konkurransen om minnesmerket for Kitty Kielland. Utstillinga er støtta av Stavanger kommune. 

Legg til hendinga i din kalender