Performance av Anne-Marte Eidseth Rygh avfotografert på en flyttblokk ved Hå gamle prestegard

UTSTILLINGSOPNING: ANNE-MARTE EIDSETH RYGH

lørdag 16. mars 2024 kl. 14.00

Velkomen til opning av ny utstilling på Hå gamle prestegard 

Anne-Marthe Eidseth Rygh
500 MILLIONAR ÅRS LENGSEL / 500 MILLION YEARS OF LONGING
Performance, stadsrelatert skulptur, trykk, lyd og tekst
Utstillinga står til 26 mai
Opning ved kunstnar Hans Edward Hammonds

 

Anne-Marte Eidseth Rygh syner utstillinga 500 MILLIONAR ÅRS LENGSEL i nye fjoset på Hå gamle prestegard. Kunstnaren har gjennom samtalar med fagfolk innan geologi, filosofi, økofeminisme og urfolkstematikk undersøkt korleis ein kan styrke tilhøyrsla mellom stad og geologi, og korleis ein kan dra parallellar mellom jorda si geologiske utvikling gjennom millionar av år og vår oppleving av den akkurat no. Gjennom performance, skulptur, grafiske arbeid, lyd og tekst tek kunstnaren denne tematikken vidare i utstillingsrommet. Anne-Marte Eidseth Rygh oppmuntrar til aktivistisk utforsking for å utfordre det antroposentriske perspektiv, der mennesket reknar seg som midtpunkt. Omdreiingspunktet i utstillinga er ei flyttblokk Eidseth Rygh oppdaga under eit kunstnaropphald på Obrestad fyr (2021).
 
Kunstnaren skriv:
På ein vindskeiv og porøs horisont kviler ei flyttblokk i samhøyre; Eit samhøyre av minerale multiartar der menneske og stein har midlertidig opphald på rastlaus grunn. Jordskorpene har vore saman før, skild lag og er i drift mot kvarandre. Neste samanføring av jærlandskapet med stader som i dag ligg over havranda er estimert til 500 millionar år. I djuptids veksling av  lausriving og tilknyting tilleggast ein ibuande lengsel, morenenes  lengsel dveler langs havbotnen, parallelt med samtidas sensoriske nettverk, straumførande kablar, følsam informasjon og geopolitisk overvaking. På mosekledde overflater fell det eit koparhaldig gult lys, ein håpefull respons som glitrar i augneblikk og forvitring.
 
Anne-Marte Eidseth Rygh vaks opp i Volda på Sunnmøre og bur og arbeider no i Stavanger. Ho har MA i kunst og stad. Kunstnaren har mellom anna stilt ut ved; Stavanger Kunstmuseum. Nikolaj Kunsthall, København. Malba, Buenos Aires. MunchMuseet i Bevegelse, Oslo. Conical, Australia. Atelier Nord, Oslo. Kunstbanken, Hamar. Vlepo Gallery, New York. Bergen Kunsthall, Delfina Foundation London. NRLA, Glasgow. Kunsthalle Wien, Vienna.

Legg til hendinga i din kalender