Arrangementet er i slutten av visningsperioden for utstillinga - har du ikkje sett ho enno er dette eit gyllent høve til å ta turen.
Under omvisinga vil Lozano gå inn på både tematikken i og teknikken bak verka. Lozano har lang erfaring med formidling av kunst. For tida jobbar ho med å ferdigstille ei mastergrad i kunsthistorie. I tillegg har ho dei siste 12 åra bidrege til å drifte kunstbutikken på Hå gamle prestegard. Ho har gjennom ei årrekke utvikla eit skarpt auge for det som skjer i kunstverda.
Robin Danielsson arbeider med teikning, skulptur og måleri. I utstillinga EIT ANNA LANDSKAP hentar han inspirasjon frå mellom anna kunsthistorie, mytologi og populærkultur. Danielsson er oppteken av det forgjengelege ved menneska og naturen.
Til utstillinga har Danielsson produsert ein serie monumentale måleri på tekstil, ei gruppe keramiske skulpturar i tillegg til innramma teikningar på papir som saman dannar ein større heilskapeleg installasjon. Tittelen, "Another Landscape/ Eit anna landskap" opnar opp for ulike lesingar. Det kan lesast som eit indre, abstrakt landskap som skildrar eit grenseland mellom fiksjon og røyndom, eller det kan forstås som eit ytre landskap, som utstillinga sitt visuelle landskap i møte med- eller som ein kontrast til- den mektige naturen utanfor utstillingslokalet.
Vanleg inngangsbillett gjeld.