"Flyttblokk" Skulptur i heilstøpt bronse, i utstillinga "500 Millionar års lengsel" av Anne-Marte Eidseth Rygh

FINISSAGE | Kunstnaromvising i 500 MILLIONAR ÅRS LENGSEL av Anne-Marte Eidseth Rygh

søndag 26. mai 2024 kl. 13.00

Kunstnar Anne-Marte Eidseth Rygh held omvising i si eiga utstilling under siste opningsdag.

Ho fortel om tema, verka og arbeidet fram mot opninga. 

Anne-Marte Eidseth Rygh syner utstillinga 500 MILLIONAR ÅRS LENGSEL i nye fjoset på Hå gamle prestegard. Kunstnaren har gjennom samtalar med fagfolk innan geologi, filosofi, økofeminisme og urfolkstematikk undersøkt korleis ein kan styrke tilhøyrsla mellom stad og geologi, og korleis ein kan dra parallellar mellom jorda si geologiske utvikling gjennom millionar av år og vår oppleving av den akkurat no. Gjennom performance, skulptur, grafiske arbeid, lyd og tekst tek kunstnaren denne tematikken vidare i utstillingsrommet. Anne-Marte Eidseth Rygh oppmuntrar til aktivistisk utforsking for å utfordre det antroposentriske perspektiv, der mennesket reknar seg som midtpunkt. Omdreiingspunktet i utstillinga er ei flyttblokk Eidseth Rygh oppdaga under eit kunstnaropphald på Obrestad fyr (2021).
 
Kunstnaren skriv:
På ein vindskeiv og porøs horisont kviler ei flyttblokk i samhøyre; Eit samhøyre av minerale multiartar der menneske og stein har midlertidig opphald på rastlaus grunn. Jordskorpene har vore saman før, skild lag og er i drift mot kvarandre. Neste samanføring av jærlandskapet med stader som i dag ligg over havranda er estimert til 500 millionar år. I djuptids veksling av  lausriving og tilknyting tilleggast ein ibuande lengsel, morenenes  lengsel dveler langs havbotnen, parallelt med samtidas sensoriske nettverk, straumførande kablar, følsam informasjon og geopolitisk overvaking. På mosekledde overflater fell det eit koparhaldig gult lys, ein håpefull respons som glitrar i augneblikk og forvitring.

Anne-Marte Eidseth Rygh vaks opp i Volda på Sunnmøre og bur og arbeider no i Stavanger. Ho har MA i kunst og stad. Kunstnaren har mellom anna stilt ut ved; Stavanger Kunstmuseum. Nikolaj Kunsthall, København. Malba, Buenos Aires. MunchMuseet i Bevegelse, Oslo. Conical, Australia. Atelier Nord, Oslo. Kunstbanken, Hamar. Vlepo Gallery, New York. Bergen Kunsthall, Delfina Foundation London. NRLA, Glasgow. Kunsthalle Wien, Vienna.

 

Vanleg inngangsbillett gjeld.
Oppmøte i utstillingsrommet

Legg til hendinga i din kalender