Velkomen til ein bugnande Haustmarknad med skattar frå det jærske matfatet! Jæren og omegn er heilt sentral som landets spisskammer, og Hå gamle prestegard har handplukka nokre av regionens fremste aktørar til å delta i årets Haustmarknad. Her får du kjøpt ferske matvarer, både grønsaker og kjøtt, herleg bakverk, nytrukken kaffi, saft og syltetøy, sjokolade, blomar og mykje meir.
Aktivitetar for born:
- Jæren Kystlag har basseng som står i hagen der borna kan lage båtar og lære å navigere.
- Reparer teddybjørnen på Bamsesjukehuset til Røde Kors Nærbø
- Krokett i hagen.
- Styltar og hoppetau i gardsrommet.
- God boltreplass.
Aktivitetar for vaksne:
- Lær å sylte frukt og grønt med Time Bygdekvinnelag
Nytt i år er loppemarknad med hummer og kanari frå loftet til Hå gamle prestegard.
Årets deltakarar:
Austrått kaffebrenneri - Kaffe
Bloom Consept Stavanger – Bakverk og andre matvarer
Chili Chocolate - Håndlaga sjokolade
Delizia - Iskrem
Fladen Gård – Produkter fra Spælsau
Hå gamle prestegard - eigen bod med diverse varer og nysteikte lapper
Hå gamle prestegard sin kunstbutikk - keramikk, porselen, glas, maleri, grafikk, smykke mm.
Hå gamle prestegard sitt hageutsalg - Blomar, grønnsaker m.m.
Køhler-Paviljongen – Rabarbrasaft
Løyning Gård - Kjøtt av villsau og ammekyr
Marit Meltveit Vignes - Gongkaker og sylta tomater
Molinå bakeri - Brød og bakverk
Møyfrid Sirevåg - Lefser og flatbrød
Nærbø Røde Kors - Bamsesjukehus og beredskap
Odd Helge Njærheim - Grønnsaker frå eigen gard
Obrest Birøkt, Benedicte Myhre - Honning
Svein jarle Njærheim - Poteter
Time Bygdekvinnelag - Demonstrasjon av hermetiseringsteknikker. Salg av hermetikk og bøker
Vestgaard Mat – Gome og sylta produkt
Åna Fengsel - Salg av egenproduserte varer
- Me oppfordrar alle til å betale med vipps eller kort
- Gratis inngang på anlegget inkludert utstillingane på Hå gamle prestegard. Me gler oss!