Bilete av bandet Erlend Apneseth trio på scenen med Erlend O. Nødtvedt
  • HGP - Arrangement

POESIKONSERT - Black hauge - Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio

Dato

Torsdag 31. oktober 2024

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.00

Stad

Hå gamle prestegard

Det er den draumen.. Velkomen til ein stemningsfull kveld der ein ny generasjon musikare går i dialog med lyrikaren Olav H. Hauge!

Kjøp billett her

Program:

Dørane opnar 18.30

Konsert frå 19.00-20.00

Lokalet stenger kl. 21.00

 

ERLEND O. NØDTVEDT opplesing og avspeling av Olav H. Hauge sine dikt / ERLEND APNESETH hardingfele / STEPHAN MEIDELL gitar, effektar / ØYVIND HEGG-LUNDE trommar, perkusjon.

På slutten av 80-talet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma utgjer ramma for samarbeidsprosjektet mellom forfattar Erlend O. Nødtvedt og musikarane i Erlend Apneseth Trio, som har fått namn Black Hauge.

I denne poesikonserten blir Hauge sine eigne innlesingar tonesette og svarte på, improviserte over, men også manipulerte. Me møter til dømes det folkekjære diktet "Det er den draumen" i ein ni minutt lang utstrekt versjon, medan andre dikt blir sampla og loopa på ein måte som klargjer Hauge sin særeigne rytmikk og prosodi. Poesikonserten kan fungera både som ein introduksjon til og reaktualisering av Hauge sin poesi. Samstundes syner  gruppa korleis ein aktivt kan forhalda seg til eigen kulturarv og gjera han til sin eigen. 

Felles for uttrykka til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio, er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og til dømes inkorporerer arkivopptak av stev og lokkar i musikken sin, forhaldar forfattaren seg óg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjar, hyllester og omskrivingar.  

Denne på same tid ærbødige og leikne dialogen med tidlegare verk og uttrykk har sjeldan vore tydelegare enn i samarbeidsprosjektet som tek utgangspunkt i Olav H. Hauges dikting. 

Om Erlend Apneseth Trio: Gruppa har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest nyskapande og kreative konstellasjonane her i landet.  Dei har eit særeigent musikalsk uttrykk beståande av tradisjonsmusikk, jazz og samtidsmusikk. Alle dei tre utgivingane deira har blitt  nominerte til Spellemannprisen, og dei mottok Spellemannprisen for «Salika, Molika» i 2019. Dette albumet vart óg nominert til den prestisjefylte Nordic Music Prize, som ein av årets beste skandinaviske album. 

Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til ein av Noregs 10 viktigast forfattarar under 35 år av Morgenbladet, og diktsamlinga «Bergens Beskrivelse» kom med på NRKs store kåring av dei viktigast bokutgivingane i det førre tiåret. Han har gitt ut fire diktsamlingar, to romanar, blant dei det kritikarroste "Vestlandet", og fått ei rekkje prisar for sitt *forfattarskap, blant dei Bjørnsonstipendet og Premio Ostana. 

---

Vennelaget

I forkant av konserten inviterer Vennelaget for Hå gamle prestegard medlemmane sine til ei sosial samling i kafeen kl. 18.00. Det blir gratis kaffi og lappar, og Eva Hegre presenterer sjølvskriven kvardagsfilosofi. Eigen konsertpris for vennelags-medlemmar: kr 200,-

---

Praktisk informasjon

Lokalet er åpent fra kl. 18.30-21.00

Servering:

-        Under konserten blir det servering av vin, øl og mineralvatn. Jæren vinklubb har plukka ut vin inspirert av musikken.

Transport:

-        Det er mogleg å ta tog frå Stavanger til Nærbø stasjon. Frå Nærbø kan ein ta taxi til Hå gamle Prestegard.

-        Me har stor parkeringsplass for kjøyrande gjestar.

 

 

Praktisk informasjon

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

(tekst, toppbilete)
Bilete av bandet Erlend Apneseth trio på scenen med Erlend O. Nødtvedt
(tekst, promobilete)
Bilete av bandet Erlend Apneseth trio på scenen med Erlend O. Nødtvedt