Foredraget er i samband med utstillinga PUST av Signe Christine Urdal på Hå gamle prestegard.
Audun Myskja er lege og spesialist i allmennmedisin, og har doktorgrad i bruk av musikk i eldreomsorga. Han driv “Senter for livshjelp” saman med kona Reidun Myskja, eit tverrfagleg prosjekt som legg vekt på hjelp til sjølvhjelp. Audun Myskja held ei rekkje kurs og foredrag både i inn- og utland, og har vunne fleire prisar, mellom anna Den norske legeforeningens Kvalitetspris. Han har lært fastlegar, lærarar, skuleelevar og bedriftsleiarar å puste optimalt, og har utdanna seg innan pust hjå nokre av verdas fremste pusteekspertar.
Kjøp billett her
Om utstillinga:
I nye fjoset på Hå gamle prestegard viser Signe Christine Urdal utstillinga PUST. Utstillinga består av fotografi, installasjonar, videoverk og lyd. Urdal har òg laga ein eigen publikasjon til utstillinga med tekstar av lege og forfattar Audun Myskja og professor i humanistisk helseforsking og psykososiale studiar Birgitta Haga Gripsrud.
Utstillinga er ei vidareutvikling av kunstprosjektet «Å vende heim» (2017), der kunstnaren utforskar tema som identitet, det å høyre til og forholdet mellom liv og død. Motivasjonen bak prosjektet er å undersøkje dei utfordringane eit menneske kan stå overfor i ulike livssituasjonar, og å reflektere over eit sårbart tema på eit individuelt og mellommenneskeleg nivå.
Lydverket i utstillinga er laga i tett samarbeid med komponist og musikar Arne Hiorth. Hiorth har i mange år nytta lyden av pust som ein del av sitt lydbilete. Pust er òg ein naturleg del av å skape lyd på hans hovudinstrument, trompet.
Signe Christine Urdal er biletkunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole etter ein bachelorgrad i sosialantropologi og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo, og starta sin karriere som assistent for Dag Alveng.
Urdal arbeider prosjektbasert med fotografi, video og installasjon. Med bakgrunn i sosialantropologi er hennar kunstnariske motivasjon forankra i eit personleg, politisk og sosialt engasjement. Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen og har sidan stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Arbeida hennar har mellom anna vore vist hjå Fotogalleriet, Bryne kunstforening, Spriten kunsthall, Preus Museum, Rogaland kunstsenter, Galleri Sølvberget, Tou ølhallene, Skur 2, Førde kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Haugesund Billedgalleri, Stavanger kunstforening, Galleri Giga, Terminal 08 Gallery i Polen og Nablus kulturfestival i Palestina.
Foto: Tove K. Breistin