Arrangementet markerer siste opningsdag for utstillingane - har du ikkje sett dei enno er dette eit gyllent høve til å ta turen.
Omvisinga blir halde av Janne Weisser, dagleg leiar på Hå gamle prestegard. Weisser vil mellom anna trekkje fram historier som ligg bak verka, utdjupe kring tematikken, og gå inn på teknikken som utstillingane synar.
Om utstillingane:
Astrid Svangren og Else Leirvik
RØRELSE
Skulptur, installasjon, video, akvarell
I stallen, gamla fjoset, mellomlåven og i hagen syner Svangren og Leirvik RØRELSE, to individuelle utstillingar som har ein resonans og nærhet i tematikk; omkring identifikasjon med plante og dyreliv, å byggje rede, kropp og forvandling og ein felles interesse for det sanselege og bevegelege materialet.
Signe Christine Urdal
PUST
Foto, video, installasjon
I nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Signe Christine Urdal utstillinga PUST. Utstillinga viser fotografi, installasjon, videoverk, lyd, samt ein publikasjon. Dette er ei vidareutvikling av kunstprosjektet «Å vende hjem» (2017), der kunstnaren utforskar temaa identitet, tilhøyre og forholda mellom liv og død.
Motivasjonen bak kunstprosjektet er å utforska dei utfordringane eit menneske kan stå ovanfor i ulike livssituasjonar, samt reflektere og bevisstgjere seg kring eit sårbart tema på eit individuelt og mellommenneskeleg nivå.
Vanleg inngangsbillett gjeld.
Oppmøte i resepsjonen.