Sundagsforedrag om fortida på Hå

søndag 19. januar 2025 kl. 13.00

Med kunsthistorikar og formidlar Elisabeth Søyland. 

 

Kvifor låg det ein prestegard her? Korleis levde presten? Og kor er kyrkja? 

Dette og meir kan du læra om i dette populære foredraget av Elisabeth Søyland. Søyland er tidlegare formidlar og arrangementsansvarleg på Hå gamle prestegard, kor ho var tilsett i meir enn 12 år. Søyland har eit stort engasjement for prestegarden, så vel som solid kunnskap om forhistoria til Hå. Foredraget har ho allereie haldt to gonger tidlegare, og grunna dei gode tilbakemeldingane setter me det opp endå ein gong. 

Søyland vil fortelje om korleis prestegarden har utvikla seg, om då Hå kommune kjøpte garden i 1977 og om kva som skjer her i dag.  Ho vil og snakka om strandgravfeltet og om spora etter steinalderbusettinga på Hå. Etter foredraget blir det mogleg å bli med på omvising i utstillinga SPOR.

Billett kr. 100,-

Grunna begrensa plass er det krav om påmelding. Maks plasser: 40

Påmelding sendes til post.hgp@ha.kommune.no Merk epost: "Påmelding foredrag 19. januar 2025" 

 

(Bilete 1 er tatt av fotograf John Landstad i 1890-åra. På bilete ser ein familien Holm sitjande i daglegstova i hovudhuset -det som no er kafé / Bilete 2 er tatt på 1970-talet, og syner den gamle låven -det som no huser utstillingslokale, bokhandel og kunstbutikk)

Legg til hendinga i din kalender