Kvifor bry seg om / Ein gammal steinkross

torsdag 16. januar 2025 kl. 12.00

Velkomen til dette føremiddagsarrangementet om Kystpilegrimsleia og steinkrossane i Rogaland, med Wenche Lindtner, Olav Tangen, Ellinor Bryne og Margun Pettersen.

I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om - føremiddagsarrangement i kaféen. Føremiddagsarrangementa skal ha kjekt og informativt innhald, vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle for samfunnet. Utgangspunktet for årets fyrste arrangement er ein gammal, bortgjøymd steinkross, betre kjend som steinkrossen på Njærheim. Denne steinkrossen ligg i nærleiken av prestegarden, og kvifor han står akkurat her, og kven som opprinnelg sette han opp er uvisst. Me ser nærmare på steinkrossen og kva den fortel oss, og kvifor den og dei andre steinkrossane i Rogaland er verdt vår merksemd i dag.   

  

Kvifor bry seg om ein gammal steinkross?

I kafeen på Hå gamle prestegard 12.00 - 13.00 / Vandring frå 13.00 - 14.30. I samarbeid med Nasjonalt pilegrimssenter Avaldsnes og Pilegrim på Jæren. 

På dette arrangementet får du læra meir om kystpilegrimsleia, kva ein nøkkelstad er, kva ein pilegrim er, og om heilage kulturminne, slik som steinkrossane i Rogaland.

Hå gamle prestegard med Obrestad fyr er ein av nøkkelstadene langs Kystpilegrimsleia. Kystpilegrimsleia er ei historisk reiserute mellom Eigersund og Trondheim, kjend for å forbinde heilage stader og andre kulturelle landemerke langs kysten.

Å gå pilegrim er å vera oppteken av historia bak reiserutene, og av kven som brukte reiserutene før oss. Mange som velgjer å gå pilegrim er òg opptekne av den indre reisa, eller av tru og åndelege opplevingar. Så pilegrimane i dag er ei mangfaldig gruppe, open for alle.

Kystpilegrimsleia byr på ulike måtar å flytta seg på, og avhengig av årstid, vêr eller dagsform, kan ein velgje å gå, sykle, ta båt, reise med tog, bil eller buss. Nokon tar og fly. 

Nøkkelstadene er skilta, og enkelte stiar undervegs er merka. Det er mogleg å vitja kulturminne på vegen eller i nærleiken av nøkkelstadene, slik som steinkrossen på Njærheim er eit godt døme på.

På dette arrangementet vil regionale og lokale representantar bak arbeidet med Kystpilegrimsleia fortelja om sitt arbeid og dele av sin kunnskap. Etter arrangementet er det mogleg å vere med på pilegrimsvandring frå Hå gamle prestegard og bort til steinkrossen på Njærheim, deretter går turen vidare til Obrestad fyr. Ta på gode skor og klede, og nytt høve til å få med deg denne kjekke pilegrimsvandringa.

 

Wenche Lindtner er pilegrimskoordinator ved kulturavdelinga i Karmøy kommune. Ho har ansvar for regionalt pilegrimssenter Avaldsnes.  

Olav Tangen har vore ein viktig ressurs i Pilegrim Jæren over fleire år, og bidrege som arrangør på fleire turar og temasamlingar.

Ellinor Bryne er kontaktperson for nøkkelstaden Stavanger. Bryne er leiar for pilegrimsutvalet.

Margun Pettersen har arbeidd i Stavanger bispedømme, og var ein viktig pionér i forarbeidet til Kystpilegrimsleia. Pettersen har skrive den populære reisehandboka Kystpilegrimsleia fra Egersund til Trondheim (2020).

Arrangementet er i samarbeid med Regionalt pilegrimssenter Avaldsnes og Pilegrim Jæren. Det vil bli servering av kaffi/te, pilegrimsnaks og heimelaga lefser.

Pris: 100 kr

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med «påmelding Kystpilegrimsleia 16. januar 2025»

 

Meir info om Kystpilegrimsleia finn du her:

Pilegrimsleden | Kystpilegrimsleia

 

Meir info om nøkkelstaden Hå gamle prestegard med Obrestad fyr finn du her:

Nøkkelstader langs kystpilegrimsleia - Hå Gamle Prestegard

 

Kystpilegrimsleia kort oppsummert:

Det er 26 nøkkelstader på Kystpilegrimsleia. Leia forbinder Eigersund i sør og Nidarosdomen i Trondheim i nord. Nøkkelstadene i Rogaland er Egersund, Hå gamle prestegard/Obrestad fyr, Stavanger domkyrkje, Utstein kloster/Utstein pilegrimsgard og Avaldsnes på Karmøy.

Kystpilegrimsleia er på 1028 km. St. Olavs grav i Nidarosdomen i Trondheim er leia sitt endelege mål. Reiseruta går over land og til havs, og følgjer i stor grad den historiske ruta som pilegrimane tok på veg til Nidaros.

Å gå pilegrim byr på moglegheita til å oppleve kulturhistorie gjennom dei gamle traséane og vegnetta. I Hå kommune følgjer leia i hovudsak den gamle kongevegen, som stammar frå 1636 då kong Kristian IV sende bod om å utvida gamle ridevegar til køyrevegar. I dag er Kongevegen i Hå stengt for vanleg trafikk, men bønder og turentusiastar nyttar traséane til ferdsel og friluftsopplevingar. Langs kongevegen i Hå finn du nøkkelstaden Hå gamle prestegard med Obrestad fyr, som i dag er ein kunst og kulturarena.

Legg til hendinga i din kalender