I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om - føremiddagsarrangement i kaféen. Føremiddagsarrangementa skal ha kjekt og informativt innhald, vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle for samfunnet.
Utgangspunktet for marsarrangementet er våronna. Som kjent er Hå gamle prestegard omkransa av potetåkrar, sauer, og kyr på vårslepp, i tillegg til anna landbruksaktivitet, som auka ferdsel langs vegane om våren. Er det noko særskild ein bør hugse på som besøkande, når ein dreg utover til Jæren i våronna? Eller er det noko særskild ein kan oppleva kanskje?
Med oss på dette tidsaktuelle arrangementet er Inger Hårr, leiar av Jorddøgn litterauturfestival, Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen, og bonden Gudmund Edland. Edland er forfattar av boka "Ville sørvesten" utgitt på Bondevennen (2024), ei bok som skildrar historier frå livet frå gardar frå det ganske land. På dette arrangementet skal me konsentrera oss om våronna og om planlegginga og arbeidet med denne sesongen i norsk landbruk. Og ikkje minst sjå nærare på kva som kan gå gale, som kan vera både på godt og vondt.
Arrangementet er i samarbeid med Jorddøgn og Bondevennen. Det vil bli servering av kaffi/te og heimelaga lefser.
Pris: 100 kr
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med "Våronna 13. mars 2025»
Info om Bondevennen finn du her:
Fagblad for landbruket - Bondevennen
Info om Jorddøgn finn du her:
Jorddøgn Litteraturfestival