Velkommen til føremiddagstreff i kaféen på Hå gamle prestegard.
Kl 12.00-12.45 TREFF BONDEN
13.00-13.30 SPØR GARTNAREN
På dette føremiddagsarrangementet handlar det om den gode våronna. Me vil få dømer på kva som kan gå gale, og det vil bli høgtlesing frå boka "Historier frå ville sørvesten" med bonde og forfattar Gudmund Edland.
Etterpå tar gartnar Daniella Bøe oss med ned i kjøkkenhagen på prestegarden. Her vil ho fortjelje om korleis ho førebur seg på ein god vekstsesong, og det er mogleg å spørje gartnaren om tips og vink.
Velkommen til våronntreff i kaféen! Med Hå gamle prestegard i samarbeid med Jorddøgn og fagbladet Bondevennen.
Utvida arrangementsinfo:
I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om - føremiddagsarrangement i kaféen. Føremiddagsarrangementa skal ha kjekt og informativt innhald, vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle for samfunnet her og no.
Utgangspunktet for marsarrangementet er våronna. Som kjent er Hå gamle prestegard omkransa av gardar. Her finst potetåkrar, dyr på beite og bønder i arbeid, og spesielt om våren er landbruksaktiviteten høg. Er det noko særskild ein bør hugse på, når ein besøker Jæren i våronna? Eller er det noko særskild ein kan oppleva kanskje?
Daniella Bøe er gartnar og har ansvar for hagen på Hå gamle prestegard. Bøe er oppteken av å utvikla hagen i tråd med slik hagen var i prestegardtida, og med tanke på eit godt økosystem. Det siste nye tilskotet til prestegardhagen er bier, eit samarbeid med Obrest birøkt.
Gudmund Edland er forfattar av boka "Ville sørvesten" utgitt på Bondevennen (2024), ei bok som skildrar historier frå livet frå gardar frå det ganske land. På dette arrangementet skal me konsentrera oss om våronna og om planlegginga og arbeidet med denne sesongen i norsk landbruk. Og ikkje minst sjå nærare på kva som kan gå gale, som kan vera både på godt og vondt.
Det vil bli servering av kaffi/te og heimelaga lefser.
Pris: 100 kr
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med "Våronna 13. mars 2025»
Info om Bondevennen finn du her:
Fagblad for landbruket - Bondevennen
Info om Jorddøgn finn du her:
Jorddøgn Litteraturfestival