Måleri / teikning / grafikk
Lars Sandås synar utstillinga PRE-APOCALYPTIC, som består av to ulike prosjekt: Deep fried World og Apocalypse 1993.
Deep fried World tematiserer korleis overkonsum pregar dei fleste aspekta av samfunnet vårt, og korleis dette konsumet bidreg til å øydeleggja livsgrunnlaget vårt. Grunnleggjande drifter i mennesket, som appetitt, seksualitet og behovet for fellesskap, blir utnytta av marknadskrafta på måtar som skapar framandgjering.
Sandås undersøkjer korleis me menneske opplever dette– i liva våre, i kroppane våre og i kjenslene våre.
Apocalypse 1993 problematiserer radikalisering, konspirasjonsteoriar og masseskytingar ved å undersøkja dei mange «sidene» til sektleiaren David Koresh. Koresh leidde dommedagssekta Branch Davidians i Waco, Texas fram til 1993, då politiet omringa hovudkvarteret deira. Beleiringa ende i ein brann som førte til at 82 menneske som var medlemmar i sekta døydde, mellom dei 20 born.
Lars Sandås (f. 1984) er biletkunstnar frå Oslo, utdanna ved Khio i 2009. Han jobbar med teknikkar som grafikk, teikning, måleri, skulptur og bok arbeid som tek opp mange dagsaktuelle tema, alt frå urett, vald og utanforskap, til tap av natur- og kulturarv. Han har stilt ut ved mellom anna Galleri BO, Norske Grafikere, IKM, Podium, Spriten Kunsthall, Visningsrommet USF, Oppland Kunstsenter, Østfold Kunstsenter, Telemark Kunstsenter, Nasjonalmuseet og Østlandsutstillinga. Nokre av dei mest sentrale arbeida hans er kunst i offentleg rom-prosjektet Små monumenter (2019) og bokprosjektet Narkoatlas – Oslo (2016), som begge handlar om historia til det opne rusmiljøet i Oslo.