Detalj av verk av Sverre Gullesen

UTSTILLING: SVERRE GULLESEN

lørdag 22. mars 2025 kl. 14.00

22.  mars - 
11. mai 2025

Sverre Gullesen

BETONGMOMENTER

Skulptur

 

Utstillinga BETONGMOMENTER tek utgangspunkt i ein materialbasert praksis der betongen sine iboande eigenskapar og prosessane som påverkar den, står sentralt. Sverre Gullesen kombinerar skulpturar og arkitektoniske element som saman skapar dialog med utstillingsrommet. Skulpturane blir støypte i pigmentert betong ved hjelp av tekstilforskalingar, ein teknikk der elastisiteten i tekstilen og betongen si tyngd skapar unike formar. Desse formane blir frosne i herdeprosessen, og følgjeleg skulpturar som ber spor av dei fysiske kreftene frå produksjonen.

Dei skulpturelle, utstillingsarkitektoniske elementa blir utvikla med liknande teknikkar, men her blir betongen støypte i meir tradisjonelle formar og bearbeidd til fliser som blir brukt i utstillingsarkitekturen. Såleis blir tredimensjonale formar transformerte til todimensjonale overflater som framleis bevarer spenninga frå den opphavlege prosessen.

Betong er meir enn berre eit byggemateriale. Det er eit kulturelt medium som reflekterar ideologiske, estetiske og historiske lag. Betong har blitt assosiert med modernitet, funksjonalitet og sosial framgang, men også med dystopiske og kontroversielle aspekt. BETONGMOMENTER undersøkjar dobbeltheita til betongen som både eit universelt materiale og ei lokal tilpassing.

Sverre Gullesen (f. 1980, Mo i Rana, NO) er utdanna ved Ecole Nationale Superieure des Arts Visuels de la Cambre i Brussel og Kunstakademiet i Oslo. Frå 2006 til 2015 var han del av den berykta kunstnargruppa D.O.R (Deadly Orgone Radiation). Gullesen har verk i samlingar som Oslo kommunes kunstsamling, Storebrand si kunstsamling, Preus museum og Vestfossen, og han har laga permanent kunst til det nye Tøyenbadet – Oslos nye folkebad.
 

 

 

Legg til hendinga i din kalender