Bildecollage med kunst frå Line Solberg Dolmen, marit Aanestad og Åse Anda

Finissage / omvising

søndag 12. januar 2025 kl. 13.00

Omvising i utstillingane MU MA av Marit Aanestad, FORSØK PÅ REISVERK av Åse Anda og SKJELL OG BEIN av Line Solberg Dolmen.

Arrangementet markerer siste opningsdag. Har du ikkje sett desse tre flotte utstillingane enno, er dette siste høve til å sjå dei!
Omvisninga blir halde av formidlar Kjersti Austdal. Ho vil mellom anna utdjupe kring tematikken og gå inn på teknikken som utstillingene synar.  

Vanleg inngangsbillett gjeld.
Oppmøte i resepsjonen.

 

Om utstillingane:

Åse Anda: Det heile starta med ein situasjon kor kunstnaren måtte sitje mykje stille. Ho byrja å sy saman restar av seilduklerret i tilfeldige komposisjonar. Etter kvart tok ho styringa, byrja å redigere, forme. Ho leita etter bitar som kunne gje heilskap og balanse. Dei små komposisjonane kan minne om forsøk på konstruksjonar, byggverk, plankehaugar. I utstillinga i det nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Anda ei rekkje koldnålsradering, tekstilobjekt, ein tekstilskulptur samt ei rekkje silketrykk. 

ÅSE ANDA (f. 1954) har utdanninga frå Kunstskolen i Rogaland og som hospitant på Grafisk verksted i Stavanger. Ho arbeider hovudsakleg med grafikk. Kunstnarskapet hennar er forskingsbasert og prosessuelt. Ho er interessert i å utforske kva som kan reknast som grafikk gjennom ulike teknikkar som koldnål, etsning, tresnitt eller silketrykk. Anda er medlem i Norske Grafikere, Tegnerforbundet, NBK-Rogaland, og har atelier på Tou Atelierhus. Ho er ein del av kunstnarfellesskapet Trykk i sanntid, og har de siste årene og stilt ut mellom anna på Galleri Norske Grafikere, Statens høstutstilling, Sandnes Kunstforening, Haugesund Kunstforening og Galleri NordNorge. Ho har hatt ei rekke utstillingar i utlandet, den siste på MUU Helsinki Contemporary Art Centre, Finland. Utstillinga på Hå gamle prestegard har prosjektstøtte frå Norske Grafikeres Fond, tilskudd til profesjonelle kunst- og kulturtiltak frå Stavanger kommune, og frå Regionale prosjektmidler for visuell kunst.  
Les meir om utstillinga til Åse Anda her 
 

Line Solberg Dolmen: Då Line Solberg Dolmen besøkte Hå gamle prestegard for første gong, vart ho trekt mot strendene og det voldsame havet. Ein metode ho ofte brukar i kunstnarskapet sitt, er å samle objekt som ho tek med til atelieret og brukar som utgangspunkt i arbeidene. I tillegg til tau, siv, stein og sjøgras fann ho ein bit av eit muslingskall. Steinalderutstillinga SPOR i kjellaren på Hå gamle prestegard inspirerte kunstnaren, og sterkast inntrykk gjorde Viste-guten. Steinalderguten som berre vart 14 år. Kunstnaren funderte over denne guten - Bein brytast ned og forvitrar i den sure jorda, men skjelettet til guten er konservert i kalkhaldig materiale, i form av mengder tomme muslingskall. Vart han gravlagd åleine, under “kjøkkengolvet” til familien sin? Ingen andre er funne i nærleiken, kvar vart dei andre av? Kunstnaren hadde sjølv reist frå den sju månader gamle babyen sin den dagen, og kjente sterkt på adskiljinga. 
 
LINE SOLBERG DOLMEN (f. 1982) er utdanna med MA frå Kunsthøgskolen i Oslo (2016) og BA frå Kunstakademiet i Tromsø (2010). I tillegg har ho fagbrev som kjole- og draktsyer. Ho arbeider primært med større tekstile installasjonar. Materiala ho bruker har ofte hatt ein bruksnytte før dei blir integrert i arbeidene hennar; utslitne laken, masseproduserte handlenett, stillasdekke og veiduk. I løpet av dei siste åra har kunstnaren vist arbeid blant anna på Trøndelagsutstillingen, Østlandsutstillingen, SOFT galleri, Kunsthall Stavanger, Kunstnerforbundet, Akershus Kunstsenter, Høstutstillingen og Nordens Hus i Tórshavn, Færøyane. Utstillinga på Hå gamle prestegard er støtta av Billedkunstnernes Vederlagsfond og Kulturrådet. 
Les meir om utstillinga til Line Solberg Dolmen her 


Marit Aanestad: Utstillinga MU MA finn stad i Stallen og Fjøset på Hå gamle prestegard. Her har Aanestad laga skulpturar i bronse, ein utvikling av kunstnarskapet i nye materiale og format. Ho vender samtidig tilbake til tidlegare motiv med bruk av rutenettet. Store arbeid i rutenett opptrer som kontrastar til skulpturane. I utstillinga brukar kunstnaren rutenettet som bakgrunn for utforskinga av rommet. Gjennom eit visuelt og konseptuelt spel med struktur og tilfeldigheit opnar Aanestad for ei romleg og fysisk oppleving. I utstillinga fungerer rutenettet både som verktøy og utfordring. Tittelens «MU» viser til tomrom, og «MA» til mellomrom. 

MARIT AANESTAD (f.1949) er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi, Bergen, og FHH, Hannover. Ho utforskar både det strukturelle og det tilfeldige, og skaper verk som er både fysiske objekt og romlege konstruksjonar. Ho har hatt ei rekke separat og gruppeutstillingar nasjonalt og internasjonalt, mellom anna ved Rogaland Kunstmuseum, Hå gamle prestegard, Galleri III i Oslo, Galleri Sølvberget, Buskerud kunstsenter, Lillehammer kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum, Bergen kunstmuseum, Barcelona, Isle of Man, og gjentatte gonger på Høstutstillinga. Ho er innkjøpt av mellom anna Stavanger kunstmuseum, Haugesund Kunstmuseum, Statoil Art Program, og Stavanger kommune. Aanestad arbeider mykje med kunst i offentlege rom, mellom anna med kunstprosjekt til Bryne Vgs. og er vinnar av konkurransen om minnesmerket for Kitty Kielland. Utstillinga på Hå gamle prestegard er støtta av Stavanger kommune. 
Les meir om utstillinga til Marit Aanestad her

Legg til hendinga i din kalender