Kunstverk av Elin Reboli Melberg
  • HGP - Utstilling

UTSTILLING: SAMANFØYNINGAR

Dato

Lørdag 24. mai 2025 - søndag 31. august 2025

Tidspunkt

kl. 14.00 - 17.00

Stad

Hå gamle prestegard

Gruppeutstillinga SAMANFØYNINGAR presenterar norsk tekstil samtidskunst. 

SAMANFØYNINGAR

John K. Raustein

Aurora Passero

Elin Reboli Melberg

Magdalena Kotkowska

Løvaas & Wagle

Cato Løland

Håvard Kranstad

 

Utstillinga står til 31. august 2025

 

Tekstilkunsten har gjennom hundreår vore ei berebjelke i vår kunst- og kulturhistorie – frå mystiske dyremotiv i romartida og storslåtte biletvevar i mellomalderen, til broderitradisjonar i bygdene og politiske tekstilarbeid i det 20. hundreåret. Med kunstnarar som Hannah Ryggen, Synnøve Anker Aurdal og Jan Groth fekk tekstil eit tydeleg kunstnarisk språk og ein etablert plass på kunstscena. Ein viktig milepel var opprettinga av organisasjonen Norske tekstilkunstnere i 1977, då faget oppnådde status som biletkunst.

I dag står norsk tekstil samtidskunst i ein særstilling – rik, variert og fagleg sterk – og med røter som strekkjer seg langt bakover i historia.

Utstillinga SAMANFØYNINGAR samlar åtte kunstnarar og sju kunstnarskap frå ulike generasjonar og praksisar. I denne mønstringa viser Hå gamle prestegard korleis samtidskunstnarar arbeider med tekstil i dag – ikkje berre som materiale, men som berebølgje for forteljingar, identitet og samfunnsrefleksjon.

SAMANFØYNINGAR viser tekstilkunst slik ho blir brukt i dag – som språk, som metode, som materiale. I denne store gruppeutstillinga ved Hå gamle prestegard møter vi kunstnarar med ulik bakgrunn og tilnærming. Arbeida deira utforskar spennet mellom det sanselige og det strukturelle, mellom det intuitive og det prosessorienterte – og mellom det handlaga og det konseptuelle.

Gjennom broderi, digitalvev, skulpturelle komposisjonar og installasjonar i blant anna silke, ull, metall og funne materiale, blir tekstilen brukt til å utforske identitet, kropp, tilhøyrsle, persepsjon og politiske erfaringar. Nokre av kunstnarane tek utgangspunkt i personlege minne og private ritual, andre i skeive perspektiv, felleskulturelle symbol eller fellesskap bygd kring det kroppslege. Noko er omsluttande og romleg, noko er grafisk, abstrahert eller rytmisk komponert. Felles for dei alle er eit medvit om tekstilen som berar – av både tradisjon og motstand.

Utstillinga strekkjer seg over heile prestegardens bygningsmasse, og arbeida er sett saman i ulike rom og konstellasjonar – som lag på lag av samtale og samklang. Arbeida går i dialog med kvarandre, med arkitekturen og med landskapet rundt.

Det som oppstår, er ikkje berre eit bilete av tekstil i samtidskunsten, men eit fleirstemma fellesrom der trådar, saum og overflater bind noko saman – mellom kunstnar og betraktar, mellom tid og røyndom, mellom oss og det som enno ikkje har fått språk.

SAMANFØYNINGAR er ei undersøking av kva tekstil kan vere – og kva det kan bety – i dag. Kvar tråd, kvar saum, kvar struktur peikar på eit fellesskap, ein overføring, eit minne. Tekstil er noko vi alle har eit forhold til, uansett bakgrunn. Det omsluttar oss, ber oss, og bind oss saman.

Praktisk informasjon

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

(tekst, toppbilete)
Foto av tekstilkunstverk av Elin Reboli Melberg
(tekst, promobilete)
Foto av tekstilkunstverk av Elin Reboli Melberg