FRA FAЯ (HÅ) av Lene Berg
  • HGP - Utstilling

UTSTILLING: LENE BERG

Dato

Lørdag 13. september 2025 - søndag 2. november 2025

Tidspunkt

kl. 12.00 - 17.00

Stad

Hå gamle prestegard

13. september – 02. november
Lene Berg
FRA FAЯ (HÅ) 
Film / Skulptur / Installasjon

 

På Hå gamle prestegard presenterer Lene Berg ein ny versjon av den kritikarroste festspelutstillinga hennar FRA FAR, som først vart vist på Bergen Kunsthall i 2022. Nye arbeid vert viste saman med delar av den opphavlege utstillinga. Dei særmerkte utstillingsroma på Hå gir nye moglegheiter og inngangar til verket.

Vi befinn oss på ein parkeringsplass. Det er tidleg morgon i utkanten av Paris, une banlieue de Paris. Eller var det snarare det ein ville kalle ein forstad? Uansett: Der står det ein liten bil. Ein raud Renault 4 må det ha vore. Eg har alltid sett for meg at det var den einaste bilen på denne store parkeringsplassen, heilt åleine stod han der, heilt til politiet kom. Det høyrast snorking frå bilen. Var det verkeleg ein Renault 4? No er eg plutseleg litt usikker. Og var det i 1974 eller i 1975?

(Frå Dagen står opp, Lene Berg, 2022).

Berg var ni år gammal då faren hennar vart arrestert og fengsla i Paris, skulda for drapet på si tredje kone, Evelyne Zammit Berg, stemora til Lene Berg. Dette dramatiske barndomsminnet er utgangspunktet for utstillinga Fra Far, som kombinerer film og lydarbeid med scenografiske element og tekstile kollasjar i ei rekkje narrative kapittel som kan lesast som del av ei større forteljing. Gjennom å rekonstruere utvalde minne – mellom anna med hjelp av iscenesette filmscener og ulikt «found footage» – løftar Berg fram grunnleggjande og kontroversielle spørsmål om skuld, identitet, minne, sanning og fantasi.
Faren til Berg – filmregissøren og forfattaren Arnljot Berg – tok sitt eige liv fleire år etter lauslatinga frå fengsel og heimkomsten til Noreg. Han var ein innflytelsesrik person på den norske kulturscena i si levetid og etterlet seg ein no nesten gløymd arv av spelefilmar og kortfilmar, romanar, skodespel og fotografi. Gjennom å undersøkje farens liv og verk, skapar Berg eit møte mellom ein levande og ein død kunstnar, mellom ein far og ei dotter, mellom ei kvinne og ein mann, og mellom notidas Noreg og landet Arnljot Berg levde og verka i.
Lene Berg tek ofte opp tema og forteljingar som har vorte gløymde eller reduserte til fotnotar i historia. Ved å løfte fram slike oversette, tilsynelatande uanselige hendingar, gjennom ein slags alternativ historiografi, utfaldar ho eit breiare bilete av samfunnet og maktstrukturane. Verka er komplekse og mangtydige, ofte med fleire tematiske overbyggingar eller ulike inngangar til den same forteljinga. Sanninga om historia som vert fortalt er ikkje alltid det viktigaste – det handlar snarare om å gi ulike perspektiv på eit komplekst og samansett saksforhold.

Lene Berg (f. 1965) er filmregissør og kunstnar busett i Oslo og Berlin. Ho er utdanna ved Dramatiska Institutet i Stockholm og har regissert ei rekkje filmar samt hatt utstillingar i inn- og utland. Den sjølvbiografiske filmen False Belief hadde premiere på Berlin internasjonale filmfestival i 2019. Lene Berg vann Elefantprisen under kunstbiennalen Momentum i 2000 og har motteke Lorck Schives kunstpris. Ho representerte Noreg under den 55. Veneziabiennalen og var festspelutstillar på Bergen Kunsthall i 2022. Den kritikarroste første romanen hennar Fra Far kom på Kolon forlag i 2023. Kinofilmen Apokalypsens ryttere går i opptak hausten 2025, med planlagt premiere i 2026.
 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

Om staden

Namn

Hå gamle prestegard

Om arrangementet

(tekst, toppbilete)
Kunstverk frå utstillinga FRA FAЯ (HÅ) av Lene Berg
(tekst, promobilete)
Kunstverk frå utstillinga FRA FAЯ (HÅ) av Lene Berg