Kjersti Foyn arbeider med figurativt måleri i lite format. Ho måler på staden, det vil seie at ho ikkje brukar referansebilete eller lagar skisser før ho tilverkar måleria, men har motivet framføre seg heile tida medan ho måler. På den måten jobbar ho med detaljar og stemningar på staden der og da. Foyn har i fleire år fordjupa seg i interiør – frå enkle og anonyme heimar til meir sakrale rom, slik som kyrkjer. Ho står i ein tradisjon av målarar som formidlar romleg stemning, og anten ho målar ein kyrkjebenk eller ei seng, er nærværet med motivet viktig. Dagsljoset er eit tidlaust leiemotiv i arbeida hennar, der rom, ljos og atmosfære blir bygd opp gjennom eit kjenslevart samspel mellom fargetonar og penselstrøk.
Kjersti Foyn (f. 1985) kjem frå Stavanger og bur i dag utanfor Bergen. Ho arbeider hovudsakleg med måleri, men innimellom òg med andre medium som tresnitt og tregravering. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Düsseldorf, Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Kunstakademiet i Trondheim. Tidlegare har ho hatt separatutstillingar ved mellom anna Tou Trykk i Stavanger, LNM i Oslo og BLOKK i Bergen. Ho har delteke på ei rekkje gruppeutstillingar, mellom anna ved Stavanger Kunstmuseum, Kristiansand Kunsthall, Anne Klinkhammer Galerie i Düsseldorf, Høstutstillingen og Astrup Fearnley Museet i Oslo. Verk av Kjersti Foyn er innkjøpt til både private og offentlege samlingar, som Trond Mohns samling ved Stavanger Kunstmuseum og Trondheim kommune.