• HGP - Arrangement

Kvifor bry seg om / Kysten vår

Dato

Torsdag 6. november 2025

Tidspunkt

kl. 19.00 - 21.00

Stad

Obrestad fyr

Kvifor ligg det fyr langs kysten? Desse “augo” langs land, kva rolle spelar dei i dag? Og er det noko særmerkt med jærkysten?  

Dette kan du læra meir om i foredraget med Elisabeth Søyland. Etter foredraget tenner Jæren kystlag opp den gamle fyrlykta frå 1873. Arrangementet er i samarbeid med Jæren kystlag.

I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om -arrangement.  Arrangementa vil vera opplysande og underhaldande. Tema skal vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle eller spesielle. 

Utgangspunktet for november-arrangementet er mørket som fell på, og stormane på havet som blir hyppigare. Arrangementet er både ei hylling til kysten, og ein audmjuk gest til havet der ute som gir og tar. Elisabeth Søyland vil halda eit foredrag om sjøvegen, farar ved havet, og ressursar knytt til havet og jærkysten. Søyland vil trekka opp nokon større historiske linjer, og koma med dømer på ulike aktivitetar som har prega Nordsjøkontinentet opp gjennom tidene. 

Etter foredraget set Jæren kystlag opp ein demonstrasjon i “vern av drift” av den gamle motoren i maskinrommet, og tennar opp fyrlykta i tårnet. Då Obrestad fyr stod ferdig i 1873 var det med ei splitter ny linse frå Paris. I 1903 blei det lagt om til petroleums glødelampe. ei LUX-lampe oppfunnen av  den svenske fysikaren Gustav Dalen. Obrestad fyr var det første fyret som innførte ei slik LUX-lampe, og så stas var det, at det stod nyhende om det i Stavanger Aftenblad.  

Me gler oss derfor over å ønskje velkommen til ein heilt spesiell kveld på fyret i lag med Jæren kystlag. Dei frammøtte vil få høyra opplyst foredrag om kysten vår, og moglegheita til å få vera med å tenna ljos i ei heilt spesiell lampe for dei reisande på havet der ute i mørket. 

Elisabeth Søyland er kunsthistorikar. Ho var tidlegare formidlar på Hå gamle prestegard, kor ho var arrangementsansvarleg i over 12 år. Søyland, som er eit oppkomme av kunnskap om folkevandringstid, vikingtid, og mellomalderen, har gjennom sitt arbeid hatt eit særskild fokus på Jæren og jærkysten.  

Jæren kystlag er ein viktig samarbeidspartnar for Hå gamle prestegard. Kystlaget bidreg til bevaring av kunnskap om kystkultur, og fyrbygningen på Obrestad fyr. I tillegg er dei gode til å restaurera gamle båtar. Jæren kystlag har vore aktive sidan 1999.  

 

Program: 

Kl 19.00: dørene opnar i 1902-huset på Obrestad fyr

Kl 19.30: foredrag med Elisabeth Søyland, med moglegheit for spørsmål etterpå

Kl 20.15-20.30 mingling

Kl 20.30-21.00 vitjing i fyret, og tenning av fyrlykta med Jæren kystlag

Velkommen!

Inngang: 100 kr

Det blir sal av øl, vin og mineralvatn, og noko attåt for den litt svoltne.

Påmelding til: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med Kvifor bry seg om / Kysten vår”

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

Om staden

Namn

Obrestad fyr

Om arrangementet

Pris vaksen
100