I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om -arrangement. Arrangementa vil vera opplysande og underhaldande. Tema skal vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle eller spesielle.
Utgangspunktet for desember-arrangementet er jula som nærmar seg. Saman med Mosland og Wernøe inviterer me til ein stemningsfull føremiddag på Hå, midt i beste førjulstid.
Mosland og Wernøe har lang erfaring med ulike songprosjekt kor fokus er å synga i lag. På dette arrangementet skal me få ein smakebit på noko av dette arbeidet. Med seg har dei erfarne musikarane med seg instrument og songbok, og sidan det snart er jul, vil dei løfte fram nokon gode julesongar. Her er det berre å gle seg, me vil både få læra om songen si kraft, og det vil bli moglegheit for å synga jolesongar.
Det vil bli servering av julekaker og kaffi/te
Velkommen til kvifor bry seg om / Å synga
Pris: 100,-
Påmelding til: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med “Kvifor bry seg om / Å synga”